Grensevakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Israelsk grensepoliti i den palestinske landsbyen Nabi Salih på Vestbreidda under ein demonstrasjon i 2011.

Grensevakt er nasjonale tryggleiksstyrker som utfører kontroll langs ei landegrense. Grensevakter er ofte militære, og har politimyndigheit. Nokre av dei kan også ha oppgåver som kystvakt og redningstenester. Mellom oppgåvene til grensevakter er kontroll med kven som krysser grensa og med kva varer, og å hindra smugling og ulovleg innvandring.

Mellom dei mest kjende grensevaktene verda kjenner til, var dei Stasi-kontrollerte vaktpostane som kontrollerte på austtysk side av Berlinmuren og langs grensa mellom tidligere Aust-Tyskland og Vest-Tyskland. I dag (2017) er truleg arbeidspresset størst hjå amerikanske grensevakter som patruljerer langs USA si landegrense mot Mexico.[treng kjelde]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Grensevakta i Finland[endre | endre wikiteksten]

Tenestemann og -hund i Den finske grensevakta

I Finland er grensevakta ein militær etat underlagt Innanriksdepartementet. Den har eit mannskap på 3 600 personar, 500 er vernepliktige. Ved mobilisering inngår etaten i det finske forsvaret og får et mannskap på omlag 23 000 personer

Grensevaktens hovedoppgaver er:

  • vakt av Finland sine landgrenser og territorialfarvatn
  • passkontroll ved grenseovergangar, flyplassar og hamner
  • redningsteneste (i hovudsak til sjøs)
  • (i krigstid) patruljer og geriljakrigføring bak fienden sine linjer

Grensevakta i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Angell - Grensevagten 1905.djvu
Grensevakt ved Garnisonen i Sør-Varanger ved Elvenes grensestasjon 2008

I Noreg vart ordet «grensevakt» først brukt i 1905[1], under unionsforhandlingane med Sverige. Under første verdskrig var det ikkje utstasjonert norske grensevakter langs grensa mot Sverige, men marinen patruljerte i dei norske farvatna for å sikra Noreg sin nøytralitet, og at andre land sine båtar ikkje kom inn i norske farvatn utan lov. I byrjinga av 1920-åra vart grensevakter set til å vakta grensene langs Sovjetunionen. Desse grensevaktene vart òg utstasjonert under andre verdskrig.

Grensevakter i ulike land[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.arkivverket.no/arkivverket/Bruk-arkivet/Nettutstillinger/Grensevakt-1905