Gresk astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antikythera-mekanismen var ein analog datamaskin frå 150–100 fvt, utvikla for å kalkulere posisjonane til himmellekamar.

Gresk astronomi er astronomi skriven på gresk i antikken. Gresk astronomi er forstått som astronomi i det gamle Hellas, hellenistisk og greskromersk tid og seinantikken. Han er ikkje avgrensa geografisk til Hellas eller etniske grekarar, sidan gresk vart eit vitskapsspråk gjennom den hellenistiske verda etter erobringane til Aleksander den store. Denne fasen i gresk astronomi vert òg kalla hellenistisk astronomi, medan den før-hellenistiske fasen vert kalla klassisk gresk astronomi. I hellenistisk og romersk tid studerte mange av dei greske og ikkje-greske astronomane ved Musaeum og Biblioteket i Alexandria i Egypt.

Utviklinga innan astronomi av greske og hellenistiske astronomar vert av historikarar rekna som ein viktig fase i astronomihistoria. Gresk astronomi er frå starten karakterisert av å finne rasjonelle, fysiske forklaringar på himmelfenomen.[1] Dei fleste stjernebileta på den nordlege himmelhalvkula kjem frå gresk astronomi,[2] og det same er namna på mange stjerner, asteroidar og planetar. Den greske astronomien var påverka av egyptisk og særleg babylonsk astronomi. Seinare påverka han sjølv indisk, arabisk-islamsk og vesteuropeisk astronomi.

Kjende astronomar i antikken[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Krafft, Fritz (2009). «Astronomy». I Cancik, Hubert; Schneider, Helmuth. Brill's New Pauly. 
  2. Thurston, H., Early Astronomi. Springer, 1994. s.2