Grethe G. Fossum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grethe G. Fossum
Fødd1. november 1945
Oslo
Død29. november 2019 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, skuleleiar, rådmann
Utdanna vedElverum lærerhøgskole
BarnMette Fossum
MedlemStortingets kirke- og undervisningskomite
Stortingets finanskomité
Stortingets familie- og kulturkomité
Alle verv

Grethe Gulbrandsen Fossum (1. november 194529. november 2019) var ein norsk lærar, politikar og byråkrat frå Oslo, busett i Grue. Ho representerte Hedmark fylke og ArbeidarpartietStortinget i tida 1990-2001.

Fossum var dotter til ein lastebileigar i hovudstaden. Sjølv gjekk ho Statens gymnastikkskule i heimbyen og tok i 1968 eksamen ved lærarskulen på Elverum. Etter å ha stifta familie arbeidde Fossum åra 1976-85 som lærar i ungdomsskulen på Grue, deretter var ho rektor på Roverud skole fram til 1990, bortsett frå året 1988, då ho var personleg sekretær i Sosialdepartementet.

Valperioden 1987-91 var Fossum varaordførar i Grue. Då Gro Harlem Brundtland danna si andre regjering i november 1990, fekk Fossum fast sete i Stortinget, etter som ein annan Hedmark-representant, Kjell Borgen, vart statsråd. Også stortingsperioden 1993-97 møtte vararepresentant Fossum fast på Stortinget, då i staden for statsrådane Sigbjørn Johnsen og Sylvia Brustad. I den fireårsbolken lukkast Fossum å sikre seg fast plass gjennom 1997-valet. Stortingsvalet 2001 gjekk Arbeidarpartiet sterkt tilbake og Jens Stoltenberg måtte gå frå regjeringsleiinga den 19. oktober. Dermed fekk ikkje vararepresentant Fossum høve til å kome tilbake på Tinget og hennar tid i rikspolitikken var over. Gjennom dei 11 sesjonane på Stortinget var ho medlem 1990-93 i Kyrkje- og undervisningskomiteen, leiar 1993-97 og sekretær 1997-2000 i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. Til sist var ho, under den fyrste Stoltenberg-regjeringa, medlem i Finanskomiteen. Fossum var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 1992 til 2002.

Sidan 2002 var Fossum tilsett som oppvekstsjef og deretter assisterande rådmann i Kongsvinger kommune. Frå 2005 var ho rådmann i Grue kommune i to år, før ho 2007-10 var divisjonsdirektør ved Sykehuset Innlandet på Kongsvinger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]