Grodalselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åroselva 3 km frå Åros

Grodalselva ligg for det meste i Asker kommune i Viken og har eit nedbørfelt på 115 km². Elva tek imot vatn frå vatna ved Dikemark (Ulvenvatnet, Verkensvannet og Nordvannet). Det renn ut i Gjellumvannet ved Heggedal, som Grodalselva renn ut i frå. Rett etter utløpet frå Gjellumvannet tek Grodalselva imot vatn frå Hegga som kjem frå Heggsjø i Kjekstadmarka. Få meter etter elvemøtet renn ho ut i Kistefossdammen. Frå Gjellumvannet og til utløpet i Oslofjorden ved Åros låg det tidlegare fleire møller og industriverksemder. Den nedste delen av elva blir kalla Åroselva. Det opphavlege namnet på strekninga frå Gjellumvannet til Oslofjorden var Groa.

Røyken og Åros JFF (NJFF) starta utsetting av laks og sjøaure tidleg på 1970-talet. Mellom 2 000 og 10 000 settefisk/smolt blir sett ut årleg. I 1983 fekk Norcem pålegg om å setje ut 2 000 laksesmolt og 1 000 sjøauresmolt i vassdraget som følgje av uttak av industrivatn til sementfabrikken i Slemmestad. I tida 1960-83 var fangstane av laks og sjøaure 50-200 kg/år, i 1984 400 kg og i 1987 912 kg.

Fram til 1989 var det laks berre 3 km frå sjøen til Lingsomdammen. Etter riving av dammen går laksen no opp 11 km til Fabrikkdammen i Grodalen.

Grodalselva er siste naturleg reproduserande lakseelv i Buskerud.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]