Krans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Krans (norrønt kranz, frå lågtysk) er ein ring laga av plantemateriale eller etterlikningar som kan brukast som dekorasjon eller symbol. Kransar kan hengast opp, leggjast på flatar eller brukast som hovudpryd.

Wreath with ivy leaves and berries, a satyr's head at either end. Gold sheet, Etruscan artwork, 400–350 BC. From a tomb near Tarquinia.

Sidan antikken har kransar som laurbær-, oliven- og eikebladkransar spelt ei viktig symbolsk rolle. Laurbærkransen var knytt til guden Apollon medan eikebladkransen var knytt til faren hans Zevs. Olivenkransen blei gjeven til vinnarar i dei olympiske leikane.[1] Etruskarane laga kransar av edle metall som gull, men med etterlikningar av plantar som eik, eføy, oliven, myrte, laurbær, kveit og vinranker. Herskarane deira brukte dei som kroner, ein skikk romerske magistratar vidareførte.[2][3][4] Den romerske Tolvtavleloven frå rundt 450 f.Kr. omtaler ein tradisjon med gravkransar.[5]

I moderne tid kan kransar brukast som dekorasjon som dekorasjonar til høgtider, som kornkransar til haustfestar, advenstkransar til jul og advent, og til pynting av maistong. Dei kan òg leggjast på grav- eller minnestader for å æra avdøde.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Αρχαίοι Ολυμπιακοί Αγώνες: Οι τιμές στους Ολυμπιονίκες.
  2. Higgins, Reynold Alleyne (1980). Greek and Roman Jewellery. University of California Press. s. 150. ISBN 978-0-520-03601-7. 
  3. Deppert-Lippitz, Barbara; Anne R. Bromberg, John Dennis (1996). Ancient gold jewelry at the Dallas Museum of Art. Dallas Museum of Art in association with the University of Washington Press. s. 39. ISBN 978-0-936227-19-1. 
  4. Hadas, Moses (1952). A History of Latin Literature. Columbia University Press. s. 7. ISBN 978-0-231-01848-7. 
  5. 12 «The Laws of the Twelve Tables». http://www.constitution.org/sps/sps01_1.htm 12. Henta February 14, 2013. «Anyone who has rendered himself deserving of a wreath ... shall have a right to have the said wreath placed upon his dead body» 

Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.