Guido Kratschmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guido Kratschmer


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. januar 1953 (71 år)
Großheubach
Idrett friidrett, bobsleigh
Tok del i

Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Sportler des Jahres

Guido Kratschmer (fødd 10. januar 1953) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar og bonde frå Großheubach som representerte Vest-Tyskland og tevla i tikamp og nasjonalt hekkeløp. Han vann sølvmedaljen i tikampen ved Sommar-OL 1976 og forbetra verdsrekorden i tikamp i 1980.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kratschmer meisterskapsdebuterte internasjonalt under EM 1974 i Roma, der han vann bronsemedaljen med 8 132 poeng. Midt i mai 1976 sette han ny vesttysk tikamprekord med 8 381 poeng då han vann Götzis-stemnet. Under dei olympiske sommarleikane i Montreal i juli forbetra han rekorden til 8 411 poeng og kneip sølvmedaljen, overgått med vel 200 poeng av Bruce Jenner frå USA som sette verdsrekord.

I juli 1978 flytta Kratschmer europarekorden til 8 498 poeng ved eit stemne i Bernhausen. Ved EM Praha to månader seinare skadde han seg på 100-meteren. 14.-15. juni 1980 var Kratschmer tilbake i Bernhausen der han sanka 8 649 poeng, ny verdsrekord etter å ha prestert 10,58 sekund på 100 m - 7,80 m i lengdehopp - 15,47 m i kulestøyt - 2,00 m i høgdehopp - 48,04 sekund på 400 m - 13,92 sekund i hekkeløpet - 45,52 m i diskoskasting- 4,60 m i stavhopp - 66,50 m i spjutkast - 4. 24,15 på 1500 m.

Til Sommar-OL 1980 i Moskva kom Kratschmer ikkje, ettersom Vest-Tyskland boikotta leikane. Derimot deltok han i Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Her oppnådde han 8 326 poeng og la beslag på fjerdeplassen, knappe 100 færre poeng enn bronsevinnaren Siegfried Wentz.

Frå 1975 til 1980 vart Kratschmer årleg vesttysk meister i tikamp, i 1978 vann han også den vesttyske meisterskapen i 110 meter hekk.

Kratschmer vart vald til årets idrettsmann 1980 i Vest-Tyskland i 1980, året etter vart han tildelt Rudolf Harbigs minnepris.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]