Guløyreparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guløyreparakitt
Guløyreparakitt
Guløyreparakitt
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Guløyreparakitt
Utbreiinga av Guløyreparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Ognorhynchus
Art: Guløyreparakitt O. icterotis
Vitskapleg namn
Ognorhynchus icterotis

Guløyreparakitt (Ognorhynchus icterotis) er ein stor neotropisk papegøye. Det var grunn til å tru at arten var utrydda i ein periode fram til april 1999, då ei gruppe forskarar oppdaga totalt 81 individ sentralt i Colombia. Arten er for tida kategorisert som sårbar (VU) av Verdas naturvernunion, IUCN. Birdlife International reknar arten som innskrenka til eit avgrensa område Colombia og utdøydd i Ecuador.[1] Den noverande populasjonstrenden er aukande, delvis på grunn av tiltak sett i verk for å verne dei eksisterande populasjonane av arten. Guløyreparakitten er nært knytt til vokspalmen Ceroxylon.

Slekta Ognorhynchus er monotypisk og guløyreparakitt har ingen underartar. Tydinga av slektnamnet Ognorhynchus: frå gresk, og kan vere set saman av onkos «pilspiss, mothake» og rhunkhos «nebb». Det spesifikke epitet icterotis er òg frå gresk, set saman av ikteros «gulsott-gul» og otis «øyra»,[2] namnet kan referere til det iaugefallande gule området på kinnet som inkluderer øyredekkfjørene.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Guløyreparakitten er ein relativt stor, langhala papegøye med ei gjennomsnittleg lengd på 42 cm og ei vekt på omtrent 285 gram. Fjørdrakta er generelt grøn, undersida er bleikare, meir limegrøn enn overdelen. Dei har ein stor, gul kinnflekk og er guloransje i panna. Det tunge nebbet og ein ring av berr hud rundt auga er svarte. Lætet er eit nasalt, klagande «raanh», i flukt også meir kraftige gjennomtrengjande, langtbærande harde støyt.

Vokspalmar (Ceroxylon quindiuense) i Cocora-dalen

Det kjende utbreingsområdet for guløyreparakittar er no ein kjernepopulasjon sentralt i Tolima-departementet nordover til nordaust i Quindío-departementet. I tillegg finst dei i fragmenterte område nordover i Risaralda-departementet og inn i sørlegaste Antioquia. Dei hadde tidlegare langt vidare utbreiing mellom sentrale Ecuador i sør og grenseområde mot Venezuela i nord.[1]

Guløyreparakitten hekkar og lever blant vokspalmar i nokre få område av den vestlege og sentrale fjellkjeden av Andes i Colombia, der dei lever i fuktig fjellskog omtrent 1200–3400 meter over havet.[1] Der hekkar dei i hole palmestammar, vanlegvis 25–30 meter over bakken. Tidlegare fanst dei også veldig lokalt i Nord-Ecuador. Talet har vorte kraftig redusert, og berre 81 individ vart registrerte i Colombia i 1999. Bestanden har vorte påverka av jakt og øydelegging av habitat, spesielt hausting av vokspalme, som tradisjonelt vart kutta ned og brukt kvart år på palmesøndag. Det har ikkje vore nokon stadfesta registrering av denne papegøyen frå Ecuador sidan midten av 1990-talet. Per 2019 var populasjonen rekna til rundt 1000 modne individ i Colombia, tilsvarande totalt 2600 individ inkludert ungfuglar.[1]

Guløyreparakittar er avhengige av vokspalmen i store delar av livssyklusen. Ei av matkjeldene deira er vokspalmefrukta, sjølv om dei også vil ete andre frukter og frø, pluss bork, knoppar og bregnar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger dels på «Yellow-eared parrot» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2023
  • Collar, N., P. F. D. Boesman, og C. J. Sharpe (2020). Yellow-eared Parrot (Ognorhynchus icterotis), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.yeepar1.01
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Birdlife International (2023) Species factsheet: Ognorhynchus icterotis Henta 27. desember 2023
  2. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 201, 281. ISBN 978-1-4081-2501-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Guløyreparakitt