Gulkronekvitstjert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulkronekvitstjert

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1887
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1887

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Parulidae
Slekt: Myioborus
Art: M. flavivertex
Namn på andre språk
  • Engelsk: Yellow-crowned whitestart
    Yellow-crowned Redstart
    Santa Marta whitestart
    • Bokmål: Gulkronehvitstjert
  • Vitskapleg namn
    Myioborus flavivertex
    Salvin, 1887

    Gulkronekvitstjert (Myioborus flavivertex) er ein fugl i parulafamilien. Han er endemisk til Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Foto: David Beadle

    Gulkronekvitstjerten når ei kroppslengd på 13 centimeter. Venglengda er 5,6 centimeter hos hannar, hofuglar 3 - 4 millimeter kortare. Hovudet er mest svart, men med iaugefallande gul krone, eit brungult, smalt band som går frå auge til auge over nebbrota. Vengene er mørk olivengrøne med smale grå fjørkantar. Oversida av fuglen er olivengrøn, på undersida er bleik gul. Halen er gråsvart med kvite ytre fjører. Også nebbet og beina er gråsvarte.

    Denne parulaen lever i fuktig fjellskog, i tåkeskog og i krattskog i utkanten av skog i høgder frå 1200 til 3050 moh., men mest vanleg over 2000 meter. Under 2000 meter overlappar utbreiinga med skiferkvitstjert, Myioborus miniatus. Gulkronekvitstjerten lever hovudsakleg på insekt. Det skålforma reiret er godt gøymt på bakken eller lågt over bakken. Hekkesesongen er ikkje godt kjend, men ein har funne reir i mai med kull på to egg.

    Populasjonsstorleiken er ikkje kjend, er trudd å vere minkande, men arten er klassifisert som livskraftig.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. BirdLife International (2015)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulkronekvitstjert
    • Curson, J. (2010). Yellow-crowned Whitestart (Myioborus flavivertex) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. juli 2015