Hopp til innhald

Parulaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parulafamilien
Brunparula, Limnothlypis swainsonii
Brunparula, Limnothlypis swainsonii
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Wetmore, 1947

Parulaer er ein familie Parulidae av små, ofte fargerike sporvefuglar, ordenen passeriformes, med distribusjon avgrensa til Amerika.

Det vitskapelege namnet for familien, Parulidae, stammar frå det faktum at Linné i 1758 namnsette stryparula som ei meis, Parus americanus. Slektsnamnet vart først endra til Parulus og seinare til Parula, som har gjeve namn til heile familien. Tidlegare var 'skogsongarar' nytta som norsk namn på familien,[1] truleg etter ei omsetting av «wood-warblers» som har vore ei nemning på engelsk.[2] På engelsk nyttast i dag «New World warblers» som offisielt namn, truleg opphavet til uoffisielt 'amerikanske "warblers"/songarar' på norsk.[3] Det offisielle norske namnet er i dag parulafamilien.[4]

Dei fleste av dei ca. 110 artane i familien lever i tre, men omnparula, vassparula og straumparula, har eit levevis knytt til bakken og til vatn. Nesten alle er insektetarar.

Alle parulaer er relativt små fuglar. Den minste arten er mesquiteparula, Vermivora luciae, på om lag 6,5 gram og 10,6 cm.

Artane i familien som er trekkfuglar har tendens til å legge største kull av egg, vanlegvis opptil seks egg. Store kull kan vere eit middel til å kompensere for farar som individa utsett seg for under trekka. I kontrast er to egg i kullet typisk for mange tropiske artar, ettersom ungane hos desse artane kan få betre omsorg, og dei vaksne har større sjansar for fleire kull og større reproduksjon.

Det er sannsynleg at parulaer har opphavet i det nordlege Sentral-Amerika, der ein framleis finn størst mangfald av arter og største populasjonar. Derifrå har dei spreidd seg nordover i løpet av interglasialperiodane, hovudsakleg som migrantar som returnerte til forfedrane sitt område om vinteren. To slekter, Myioborus, kvitstjertar, og Basileuterus synast å ha kolonisert Sør-Amerika tidleg, kanskje før dei to kontinenta blei kopla saman, og gav veg til dei fleste artar av songfuglar til regionen. Om lag tredve artar av parulaer har vore observert som sporadiske streiffuglar i Europa,[5] av desse fire artar i Noreg, myrteparula (Setophaga coronata) på Utsira i 1996[6] og omnparula, Seiurus aurocapilla, på Karmøya i oktober 2003.[7] I 2020 kom to nye parulaartar, brunkinnparula, Setophaga tigrina,[8] og klatreparula, Mniotilta varia.[9] Dei to sistnemnde vart observerte på Utsira og i Hå kommune høvesvis.

Hos mange trekkfuglartar i familien, spesielt dei som hekkar lengst nord, utviklar hannane ein karakteristisk hekkedrakt i hekkesesongen, ettersom hannar markerer seg for å gjenvinne territoriet og å vise seg fram for moglege makar kvart år. Denne tendensen er spesielt markant i den store slekta Setophaga. Derimot syner standfuglane, som dannar par for livet, liten eller ingen kjønnsdimorfisme.

Eit unnatak er omnparula og dei to artane i Parkesia. Dei er trekkfuglar, men samstundes har dei identisk fjørdrakt for begge kjønn. Eit anna unnatak er dei tropiske gulstrupane, Geothlypis, som er standfuglar, men òg kjønnsdimorfe.


Flodparula, Myiothlypis rivularis
Foto: Dario Sanches
Gulbukparula, Myiothlypis flaveola
Foto: Dario Sanches
Nordgulstrupe, Geothlypis trichas
Foto: Dan Pancamo

Parulaer i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[10] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Seiurus

  • Omnparula, Seiurus aurocapilla, Ovenbird, LC, Linné, 1766

Slekt Helmitheros

  • Åmeparula, Helmitheros vermivorum, Worm-eating Warbler, LC, Gmelin, 1789

Slekt Parkesia

  • Straumparula, Parkesia motacilla, Louisiana Waterthrush, LC, Vieillot, 1809
  • Vassparula, Parkesia noveboracensis, Northern Waterthrush, LC, Gmelin, 1789

Slekt Vermivora

  • Sumpparula, Vermivora bachmanii, Bachman's Warbler, CR (PE), Audubon, 1833
  • Blåvengparula, Vermivora cyanoptera, Blue-winged Warbler, LC, Linné, 1766
  • Gullvengparula, Vermivora chrysoptera, Golden-winged Warbler, NT, Linné, 1766

Slekt Mniotilta

  • Klatreparula, Mniotilta varia, Black-and-white Warbler, LC, Linné, 1766

Slekt Protonotaria

  • Plommeparula, Protonotaria citrea, Prothonotary Warbler, LC, Boddaert, 1783

Slekt Limnothlypis

  • Brunparula, Limnothlypis swainsonii, Swainson's Warbler, LC, Audubon, 1834

Slekt Oreothlypis

Slekt Leucopeza

  • Jernparula, Leucopeza semperi, Semper's Warbler, CR, Sclater, 1877

Slekt Oporornis

  • Markparula, Oporornis agilis, Connecticut Warbler, LC, Wilson, 1812

Slekt Geothlypis

Slekt Catharopeza

  • Crescendoparula, Catharopeza bishopi, Whistling Warbler, EN, Lawrence, 1878

Slekt Setophaga

Slekt Basileuterus

  • Vifteparula, Basileuterus lachrymosus, Fan-tailed Warbler, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Brunkroneparula, Basileuterus rufifrons, Rufous-capped Warbler, Swainson, 1838, (LC)
  • Svartkinnparula, Basileuterus melanogenys, Black-cheeked Warbler, Baird, 1865, (LC)
  • Pirreparula, Basileuterus ignotus, Pirre Warbler, Nelson, 1912, (VU)
  • Gulbrynparula, Basileuterus belli, Golden-browed Warbler, Giraud, 1841, (LC)
  • Gyllenkroneparula, Basileuterus culicivorus, Golden-crowned Warbler, Deppe, 1830, (LC)
  • Costaricaparula, Basileuterus melanotis, Costa Rican WarblerLawrence, 1868
  • Tacarcunaparula, Basileuterus tacarcunae, Tacarcuna WarblerChapman, 1924
  • Stripehovudparula, Basileuterus tristriatus, Three-striped Warbler, Tschudi, 1844, (LC)
  • Quechuaparula, Basileuterus trifasciatus, Three-banded Warbler, Taczanowski, 1881, (LC)
  • Gråhovudparula, Basileuterus griseiceps, Gray-headed Warbler, Sclater & Salvin, 1869, (EN)

Slekt Myiothlypis

Slekt Cardellina

Slekt Myioborus

  • Curson, Quinn and Beadle, 1994. New World Warblers. 252 p. ISBN 0-7136-3932-6
  • Lovette, I. J. and E. Bermingham. 2002. What is a wood-warbler? Molecular characterization of a monophyletic Parulidae. The Auk. 119(3): 695-714. PDF fulltext[daud lenkje]
Referansar
  1. «parulaer» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 8. september 2019.
  2. Curson, J. & Bonan, A. (2019). New World Warblers (Parulidae). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 10. september 2019
  3. Frode Falkenberg 6. april 2006 Spør en ornitolog Innlegg på nettsida fuglevennen.no arkivert på web.archive.org. Henta 10. september
  4. 4,0 4,1 Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  5. Avobase sjekkliste Europa. Henta 8. september 2019
  6. Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl, 1996 Vår Fuglefauna Supplement nr. 3 (2000). Henta 8. september 2019
  7. Sjeldne fugler i Norge i 2003 - Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF) Ornis Norvegica 28: 4-50 2004. Henta 8. september 2019
  8. Lode, Sigmar (2020). «Klatreparula - ny art for Norge». Vår fuglefauna (Norsk Ornitologisk Forening) 43 (4): 252. 
  9. Mo, Bjørn (2020). «Brunkinnparula - ny art for Norge». Vår fuglefauna (Norsk Ornitologisk Forening) 43 (4): 250–251. 
  10. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Dunn, Jon. 1997. A field guide to warblers of North America. Boston : Houghton Mifflin Co., x, 656 p. : ill. (some col.), col. maps ; 19 cm.
  • Morse, Douglass H. 1989. American warblers : an ecological and behavioral perspective. Cambridge, Mass. : Harvard University Press, xii, 406 p. : ill., maps.
  • Harrison, Hal H. 1984. Wood warblers’ world. New York : Simon and Schuster, 335 p., 24 p. of plates : ill. (some col.) ; 25 cm.