Gulnara Galkina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulnara Galkina


Statsborgarskap Russland
Fødd 9. juli 1978 (45 år)
Naberezjnyje Tsjelny
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Venskapsordenen, æra meister av idrett i Russland

Gulnara Iskanderovna Galkina, fødd Samitova, (fødd 9. juli 1978) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Naberezjnyje Tsjelny i Tatarstan som tevla på mellom-, langdistanse- og i hinderløp. Ho vart olympisk meister i 3000 m hinder i 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gulnara Samitova deltok under friidretts-VM 2003 i Paris, der ho vart nummer sju på 5000 meter. I 2004 kom ho på sjetteplassen på same distansen under Sommar-OL i Aten. Tidlegare same året sette ho ny verdsrekord på 3000 meter hinder med tida 9.01,59.

Galkina lukkast ikkje å ta medalje i hinder under VM i friidrett 2007 i Osaka, og enda på sjuandeplass. Derimot lukkast ho stort under dei olympiske leikane i Beijing i 2008, her forbetra verdensrekorden på 3000 meter hinder til 8.58,81, og tok ein suveren gullmedalje.

Under VM i friidrett 2009 i Berlin deltok leia Galkina hinderløpet til siste runde, men hadde lite å stille opp med i spurten og enda på fjerdeplass. Ho deltok i dei olympiske leikane 2012 og kvalifiserte seg til finalen i 3000 m hinder, men braut av og vart sist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]