Gunder Paulsen Frilseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunder Paulsen Frilseth
Fødd7. september 1817
Eidsvoll
Død12. november 1892
Eidsvoll
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkebonde, politikar

Gunder Paulsen Frilseth (7. september 181712. november 1892) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Eidsvoll i Akershus. Han var medlem av Venstre.

Frilseth var son til ein gardbrukar på Frilset. Han tok over farsgarden i 1845 og dreiv denne til 1882, og på ny frå 1890, då son hans døydde. Frilseth var medlem av heradsstyret i Eidsvoll i 46 år, 1844-89, og i tjue år, 1867-86, var han ordførar. Forlikskommissær 1873-89.

Frå 1880 til 1888 var Frilseth stortingsmann frå Akershus amt. Han var heile tida medlem av Lagtinget og militærkomiteen. I 1883-84 var han ein av dei som var medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet.

Han døydde på garden sin i Eidsvoll i 1892.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]