Gungne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den svensken Bökstastenen (Balingstarunstenen) som ein del meiner viser Odin på hesten Sleipne med spydet Gungne.[1]

Gungne er namnet på Odin sitt spyd i den norrøne mytologien. Dette treffer alt han siktar på, og vender alltid attende til handa hans.

Spydet blei laga av sønene til meistersmeden Ivalde, to dvergbrør som hjelpte Loke etter at han hadde klipt av håret til Siv, Tors kone. Gungne var ein av tre gåver Loke tok med seg tilbake til Åsgard, og del i veddemålet han hadde gjort med dvergane Brokk og Sindre om kven som kunne skaffa dei flottaste gåvene til gudane.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lars Silèn, Några reflektioner angående bilderna på Balingsta-stenen i Uppland
  2. Snorre Sturlason, Gylvaginning (Den yngre Edda), Det norske samlaget (1973), s 110-112

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • H. R. Ellis Davidson, Nordisk mytologi, Den norske bokklubben (1984), s 35