Gunnar Scott-Ruud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Scott-Ruud
Fødd 5. mars 1897
Død

25. januar 1953

Yrke kartograf, kunstmålar

Gunnar Scott-Ruud (5. mars 189725. januar 1953) var ein norsk kartteiknar og kunstmålar.

Scott-Ruud arbeidde ved Norges Geografiske Oppmåling medan han utdanna seg ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Han utdanna seg vidare ved Pola Gauguins malerskole i Kristiania, før han heldt fram utdanninga i Paris 1920-21 ved École des Beaux-Arts under Fernand Cormon samstundes som han fekk undervisning av Othon Friesz og André Lhote.

I 1922 flytta han i lag med kona Marie til «Feierstua» (Feierbakken 7) i Son, til eit hus han ervde etter far sin. Året etter debuterte han på Høstutstillingen. Den fyrste separatutstillinga hadde han hos Blomqvist i 1927.

Scott-Ruud er representert i Nasjonalgalleriet og i Bergen Billedgalleri. Han måla bilete med breie, faste strok, i ein forenkla, naturalistisk stil. Han brukte gjerne mørke jordfargar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Axel Sømme og Gunnar Scott-Ruud 1946: Atlas for folkeskolen
  • Klaus Gjøstein, Axel Haugen, Gunnar Scott-Ruud, Sigfrid Ørstad: Katalog - malerier, tegninger, raderinger, Kunstnernes Hus 1942

Kjelder[endre | endre wikiteksten]