Gunnuf Eiesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnuf Eiesland
Fødd 31. juli 1870
Død 28. juli 1936
Parti Venstre

Gunnuf Jakobsson Eiesland (31. juli 187028. juli 1936) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsrepresentant frå Fjotland i Vest-Agder.

Eiesland var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han skulevegen ei tid, han gjekk kurs både på amtsskulen og ein skule driven av seinare statsråd Lars Liestøl. Etter å ha gått ut frå seminaret i Kristiansand i 1892 var Eiesland 1893 konstituert styrar av amtsskulen i Gyland og 1894 lærar i Drangedal. Frå 1895 hadde han lærarpost i heimbygda, tok i 1907 også over farsgarden Eiesland.

Eiesland var medlem av heradsstyret frå 1908, ordførar frå 1912. Skulestyreformann i fleire år. Han møtte på Stortinget 10. februar 1913 som varamann for nyutnemnd statsråd Aasulv Bryggesaa, vald frå einmannskrinsen Lyngdal. Eiesland var då medlem av justiskomite nr 2. Frå 1916 hadde Eiesland fast stortingsplass til han døydde. I 1916-sesjonen var han medlem av vegkomiteen. Dei to neste sesjonane var han sekretær i skog- og vassdragskomiteen, og 1919-21 formann i same komite. I tida 1922-30 var han med i vegkomiteen, fyrst som nestformann til eit stykke inn i 1923-sesjonen, deretter var han formann i komiteen til 1927. Frå 1931 var han formann i den samanslegne veg- og jarnbanekomiteen, ein posisjon han hadde til han døydde sommaren 1936. Eiesland var president i Odelstinget frå 1928 til -36.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]