Gustav Wentzel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Wentzel

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1859
Christiania
Død

10. februar 1927 (67 år)
Lillehammer kommune

Yrke kunstmålar
Medlem av Serbian Learned Society
Ektefelle Kitty Wentzel
Gustav Wentzel på Commons

Nils Gustav Wentzel (fødd 7. oktober 1859 i Christiania, død 10. februar 1927) var ein norsk målar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Faren var salmakarmeister. Gustav gjekk som ung i lære som murar, og hadde planer om å utdanne seg som arkitekt. Han var 1879-81 elev både hjå Knut Bergslien og på Tegneskolen. Han studerte vidare hos Frits Thaulow i 1883, og i Paris i 1884 og 1888-89.

Sommer, 1886

Wentzel budde i Asker 1892-1901 og 1904-13, i Vågå 1902-04 og 1913-20 og i Lom frå 1920 til han døydde. Han gifta seg i Paris i 1889 med bilethoggar og journalist Christiane Marie Bætzmann (Kitty Wentzel, 1868-1961). Ekteskapet vart oppløyst i 1910, men ho skreiv likevel ein biografi om han seinare.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Wentzels beste bilete er måla med stor detaljrikdom og presisjon i detaljane, i samsvar med dei naturalistiske ideane på 1880-talet. Eit godt døme er Snekkersvennen (1881). Biletet, som vart refusert av Christiania Kunstforening, vart den direkte årsaka til skipinga av den kunstnarstyrte Haustutstillinga. Snekkersvennen heng i Nasjonalgalleriet, til liks med Frokost (1882) og Frokost 2/Morgenstemning (1885).

Frå 1890-åra av arbeidde han med friare fargebruk og nyromantiske drag. Etter hundreårsskiftet måla han mellom anna dekorative vintermotiv.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sigurd Willoch. «Gustav Wentzel». I: Kunst og kultur 1927
  • Kitty Wentzel. «Gustav Wentzel». I: Kunst og kultur 1942
  • Kitty Wentzel. Gustav Wentzel. Gyldendal, 1956
  • Gustav Wentzel 1859-1927 : Bjarne Tøien 1899-1963. Aurskog, 1999. Utstillingskatalog. Av innhaldet: Ingebjørg Ydstie. «Den vare iakttageren», s. 11-19

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gustav Wentzel