Gustave Caillebotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustave Caillebotte

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 19. august 1848
Paris
Død

21. februar 1894 (45 år)
Gennevilliers

Yrke kunstmålar, kunstsamlar, mesen, frimerkesamlar, skipskonstruktør, seglar, advokat, ingeniør, grafikar
Språk fransk
Medlem av Q2946492
Gustave Caillebotte på Commons
Golvskrubbarane, 1875
Parisgate i regnver, 1877
Frukt på eit bord, 1882

Gustave Caillebotte (19. august 184821. februar 1894) var ein fransk kunstmålar, fødd i Paris. Han måla flest portrett og interiørscener, men også bymiljø, landskap og stilleben. Caillebotte vert rekna til kunstretninga impresjonismen, der han måla i ein realistisk stil. Han er kjend som ein tidleg samlar av impresjonistisk kunst.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Caillebotte var son til ein rik tekstilfabrikant. Sjølv vart han utdanna jurist i 1868 og praktiserte yrket dei neste to åra. Han gjorde teneste i den fransk-prøyssiske krigen 1870/71. Etter krigen byrja han å studere hos målaren Leon Bonnat. På relativt kort tid utvikla han seg til ein framifrå målar med sin særeigne stil.

I 1874 døydde faren og Caillebotte arva ein del av formuen hans. På same tid vart han kjend med nokre yngre målarar som stod utanfor det offisielle kunstmiljøet, mellom anna impresjonisten Edgar Degas og Giuseppe De Nittis. Desse målarane hadde brote med den akademiske kunsten med sine årlege utstillingar på Paris-salongen.

Caillebotte måla Golvskrubbarane i 1875. Biletet vart avvist frå salongen i 1875. Måleriet, hans fyrste meisterverk, vart derimot året etter vist på den andre utstillinga til impresjonistane. Ein del av kritikken meinte måleriet var vulgært, kanskje var det grunnen til at det ikkje fann nåde for salongane året i førevegen. Likevel er det slika at dei fleste bileta hans har motiv som skildrar liv og levemåte til borgarklassen i Frankrike.

Måleriet Parisgate i regnver frå 1877 viser eit vegkryss nær jarnbanestasjonen Gare Saint-Lazare, nord i Paris. Biletet er eit av hans mest kjende, og vart fyrst vist ved 'Den tredje impresjonistutstillinga' i 1877. Måleriet formidlar den store interessa Caillebotte hadde for fotografi; motivet er skarpast fokusert på objekta i mellomgrunnen, medan både forgrunnen og bakgrunnen er «ute av fokus», bakgrunnen til og med i stigande grad.

Etter at mor hans døydde i 1878, sat Caillebotte med ein stor formue som gjorde han i stand til å fungere som mesen (velgjerar). Frå 1875 byrja han å kjøpe og samle på bilete måla av kjenningane sine. Mellom andre kjøpte han verk av Auguste Renoir, Claude Monet, Paul Cézanne, Edgar Degas, Édouard Manet og Camille Pissarro.

Frå kring 1880 dreiv Caillebotte mykje med segling, han var mellom anna ein aktiv konkurranseseglar. Han måla mindre, i staden byrja han å byggje seglbåtar. I fyrste omgang bygde han båtar av den såkalla Kiel-typen, fram til han i 1889 laga eigenutvikla regattabåtar, det vil seie seglbåtar til bruk i konkurransar. I alt bygde han 21 seglbåtar. Han samla elles målbevisst på frimerke.

Caillebotte kjøpte i 1881 eit hus i Gennevilliers, ved elva Seinen. Der budde han fast frå 1888, same året vart han vald inn i bystyret. Han gifta seg aldri, men hadde eit langvarig forhold med Charlotte Berthier, ei elleve år yngre kvinne med ein folkeleg bakgrunn. I år 1890 slutta han å måla på store lerret.

Han døydde i Gennevilliers av lungeødem. Heile kunstsamlinga si donerte han til den franske staten, men berre halvparten av bileta vart tekne imot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gustave Caillebotte