Gustavo Aguerre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustavo Aguerre
Fødd 1953 (68 år)
Yrke fotograf
Gustavo Aguerres Ibsen sitat på Karl Johans gate

Gustavo Aguerre (fødd 1953) er ein svensk-argentinsk kunstnar som arbeider innanfor ulike kunstartar (datagrafikk, grafikk, fotografi, installasjon, videokunst, måleri, skulptur, objekt, teikning).

Aguerre er fødd i Buenos Aires i Argentina. Han flytta til Tyskland, der han studerte ved kunstakademiet i Münchn frå 1974 til 1976. I 1984 kom han til Stockholm, der han busette seg fast. Saman med kona si, Ingrid Falk (fødd 1960), har han danna ei kunstnargruppe kalla FA+. Denne gruppa har mellom anna stått for den såkalla Sitatgata i Oslo, som har Henrik Ibsen-sitat skrivme med rustfrie stålbokstavar nedfrest i fortaua, og ei tilsvarande i Stockholm med August Strindberg-sitat, skrivme med måling under Strindbergsfestivalen i 1994 og erstatta i 1998 med stålbokstavar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]