Håkon Kolmannskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håkon Kolmannskog (fødd 5. juni 1974) er ein norsk avis- og forlagsmann frå Trondheim. Kolmannskog har vore engasjert i dei venstreradikale miljøa kring RV/Raudt og Raud Ungdom, og i målrørsla.

Kolmannskog starta den politiske karrieren si i Raud Ungdom, og vart sidan vald inn i sentralstyret. Han markerte seg i studentpolitikken for Rød Front i Trondheim. Seinare var han med å attreisa Rød Front ved Universitetet i Oslo.

Frå 1996 til 1998 var Kolmannskog leiar i Norsk Målungdom. Perioden vert fyrst og fremst hugsa for Aksjon for språkleg rettferd i skulen (AFSRIS), der Norsk Målungdom protesterte mot framlegget til ny opplæringslov. I fleire år var han også aktiv i Studentmållaget i Oslo, mellom anna som nestleiar.

Han var tilsett som debattredaktør i avisa Klassekampen i nokre år, før han vart tilsett som leiar for det nyoppretta Forlaget Manifest i 2006. Sidan august 2012 har han vore forlagssjef i Det Norske Samlaget.