Håkon Randal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håkon Randal
Fødd9. juli 1930
Gulen
Død22. juli 2012 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, rektor, statsforvaltar
Alle verv

Håkon Olav Randal (9. juli 193022. juli 2012)[1] var ein norsk høgrepolitikar frå Eivindvik i Gulen kommune. Randal var son til ordføraren Søren Randal.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Randal arbeidde som lærar, rådgjevar og skulestyrar i åra 1962 - 1973 m.a. ved ungdomsskular i Manger og Bremnes. Han vart stortingsrepresentant for Hordaland frå 1973 til 1985, og var medlem av presidentskapen i Stortinget 1981-1985, og medlem av Høgre sitt gruppestyre i same periode. Frå 1984 til 1998 hadde Randal så stillinga som fylkesmann i Hordaland.

Randal hadde ei lang rekkje politiske verv. Av desse kan nemnast medlemskap av fylkesskulestyret i Hordaland 1972-1974, leiar i Mongstad-utvalet frå 1985, leiar i rådet for tusenårsjubileet for Den norske kyrkja 1988 - 1995, styremedlem og styreleiar i Hordaland Høgre 1977-1979, medlem av sentralstyret i Høgre 1977-1984 og 1. viseformann i Høgre 1980-1984.

Vidare var Randal leiar i Bergen Forsvarsforening 1989-1993 og president i Norsk Forsvarsforening frå 2001. Frå 2006 var han formann i Hordaland Senior Høgre.

Randal vart utnemnd til storriddar av Islands Falkeorden med stjerne i 1996. Randal var også frimurar.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

  • 1973–1977 varamedlem i Den førebuande fullmaktskomitéen
  • 1973–1977 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen
  • 1977–1981 nestformann i Den førebuande fullmaktskomitéen
  • 1977–1981 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen
  • 1977–1981 nestformann i Fullmaktskomitéen
  • 1981–1985 leiar i Den førebuande fullmaktskomitéen
  • 1981–1985 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1981–1985 formann i Kommunal- og miljøvernkomitéen
  • 1981–1985 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1981–1985 formann i Fullmaktskomitéen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar