Haakon Ditlef Lowzow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haakon Ditlef Lowzow

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1854
Løten kommune
Død

12. august 1915 (60 år)
Christiania

Yrke politikar, offiser
Politisk parti Venstre
Haakon Ditlef Lowzow på Commons

Haakon Ditlef Lowzow (5. oktober 185412. august 1915) var ein norsk general frå Kristiania som var forsvarsminister 1908-09.

Lowzow var son ein oberst. Han var sjølv offiser i kavaleribrigaden frå 1876, med rang av rittmeister frå 1891 og oberstløytnant frå 1904. Den 11. april 1908 vart han utnemnd til ny forsvarsminister i den ferske regjeringa leia av Gunnar Knudsen. I regjeringa hadde han til hovudoppgåve å gjennomføre ei ny hærordning. Han møtte stor motstand i Stortinget, noko som førte til at han tok avskjed 20. august 1909. Der etter vart han forfremja til generalmajor og var generalinspektør for kavaleriet til han døydde i 1915.

Lowzow gav ut fleire «krigshistoriske og militærpolitiske skrifter». Mellom anna skreiv og gav han i 1896 og -97 ut verka Minder fra Norges krige og Norges Forsvar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]