Hopp til innhald

Hadidah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hadidah
حديدة, Hadideh
by
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Talkalakh
Nahiyah Hadidah
Koordinatar 34°40′25″N 36°23′48″E / 34.67361°N 36.39667°E / 34.67361; 36.39667
Folketal 2 544  (2004)
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Hadidah
34°40′25″N 36°23′48″E / 34.67361111°N 36.39666667°E / 34.67361111; 36.39666667

Hadidah (arabisk حديدة, òg skrive Hadideh) er ein by nordvest i Syria i Homs guvernement, vest for Homs og like aust for grensa til Libanon. Av stader i nærleiken finn ein Liftaya i søraust, Khirbet al-Hamam i aust, Shin i nord, al-Mazinah og al-Huwash i nordvest, og al-Zarah og Talkalakh i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Hadidah eit folketal på 2 544 i 2004. Han er det administrative senteret i Hadidah nahiyah («underdistrikt») som består av 27 stader med eit samla folketal på 25 998 i 2004.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg alawittar.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2020-01-10 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 181.
  3. Conder, 1889, s. 52.