Hadle Rasmus Bjuland
Hadle Rasmus Bjuland | |||
| |||
Fødd | 19. mai 2000 (24 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Hadle Rasmus Bjuland (fødd 19. mai 2000) er ein norsk politikar for KrF frå Nærbø i Hå kommune i Rogaland. Sidan hausten 2021 har han vore leiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Bjuland har vore politisk nestleiar i ungdomspartiet og fylkesleiar for både Aust-Agder og Vest-Agder KrFU, og vore politisk rådgjevar for bystyregruppa til KrF i Oslo. Han har dessutan yrkja for KrF si stortingsgruppe, fyrst som praktikant og seinare som kommunikasjonsrådgjevar.[1]
Ved stortingsvalet 2021 var han 2. kandidat for Rogaland KrF, og vart valt inn som 1. vararepresentant frå KrF i Rogaland på Stortinget for perioden 2021–2025.[2] Han møtte for representanten Olaug Bollestad frå 1. til 14 oktober 2021, då ho sat i regjeringa Solberg som statsråd for Landbruks- og matdepartementet, med samstundes ansvar for Barne- og familiedepartementet.[2][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Andrekandidat Hadle Rasmus Bjuland». Kristelig Folkeparti (på norsk bokmål). 4. mai 2021. Henta 21. oktober 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «Biografi: Bjuland, Hadle Rasmus». Stortinget (på norsk). 9. mars 2008. Henta 21. oktober 2021. «Stortingsperioder: Vararepresentant nr 1 for Rogaland, 2021 - 2025, KrF. | Vararepresentasjoner: Møtte fast som representant 01.10.2021-14.10.2021 for Olaug Vervik Bollestad.»
- ↑ «Biografi: Bollestad, Olaug Vervik». Stortinget (på norsk). 9. mars 2008. Henta 21. oktober 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Hadle Rasmus Bjuland» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]