Hagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hage.
Agar e Ismael en el desierto (1856) av Antonio María Esquivel.

Hagar er ei kvinne i Den hebraiske bibelen. Ho opptrer i Fyrste Mosebok saman med Sara og Abraham og sonen sin, Ismael.

Koranen omtalar Hagar, sjølv om han ikkje nemner henne ved namn. I islam er ho æra og rekna som andrekona til Abraham og stammor til profeten Muhammed.

Bibelsoga om Hagar[endre | endre wikiteksten]

Bortsendinga av Hagar og Ismael av Nicolaes Maes.

Hagar er ei egyptisk slavekvinne som Sara overlèt til ektemannen Abraham fordi ho sjølv er barnlaus. [1]

Hagar blir svanger, og byrjar å sjå ned på Sarai. Då audmjuker Sarai henne slik at ho rømmer ut i ørkenen. Men ved ei vasskjelde «på vegen til Sjur», seinare kalla Lahai-Ro'i-brønnen, blir ho møtt av ein engel som bed henne venda tilbake og la seg audmjuka.[2] Han lovar henne:

« Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.» [...]

Sjå, du er med barn
og skal føda ein son.
Han skal du kalla Ismael,
for Herren har høyrt at du vart audmjuka.

»

—1 Mos 16,10-11 i Bibelen 2011[3]

Hagar får sonen Ismael. Etter at Sara har fått sin eigen son, Isak, får ho Abraham til å jaga bort Hagar og Ismael.[4] Gud lover Abraham: «Ikkje ta det så tungt, dette med guten og tenestekvinna. Du skal høyra på alt det Sara seier til deg. For gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. Men sonen til slavekvinna vil eg òg gjera til eit folkeslag, for han er ditt barn.»[5]

I ørkenen ved Beer-Sjeba går Hagar seg vill og går tom for vatn. Ho går eit stykke bort frå sonen fordi ho ikkje vil sjå han døy. Då blir ho fortald av ein engel frå Gud at ho skal få hjelp og at sonen skal bli opphav til eit stort folkeslag. Ho finn då ein brønn med vatn slik at dei overlever. Etterkvart finn ho ei kone til han frå Egypt.[6]

Hagar i Det nye testamentet[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga om dei to kvinnene og dei to barna deira er allegorisk tolka i Galatarbrevet i Det nye testamentet.[7][8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1 Mos 16,1-3 ved Bibel.no
  2. 1 Mos 16,7-9 ved Bibel.no
  3. 1 Mos 16,10-11 ved Bibel.no
  4. 1 Mos 21,10 ved Bibel.no
  5. 1 Mos 21,11-13 ved Bibel.no
  6. 1 Mos 21,14-21 ved Bibel.no
  7.  Gal 4,21–31 ved Bibel.no
  8. «Hagar». Store norske leksikon (på norsk). 17. juni 2019.