Hagesongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hagesongar


Hagesongar
Hagesongar

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sylviidae
Slekt: Sylvia
Vitskapleg namn
Sylvia borin
Boddaert, 1783

Hagesongaren (Sylvia borin) er ein fugleart i songarfamilien. Lengda er kring 14-15 cm. Vekt 16-22 gram. Oversida er grå med ein olivengrøn tone, undersida bleik. Fuglen manglar typiske kjenneteikn. Ein lys ring rundt auga, og grå bein. Kjønna ser like ut.

Lyd[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein lang jamn serie av flytande tonar, som ofte vert framført på kveldane. Etter at egga er klekte sluttar songen, men einslege hannar syng seinare. Sameleis med par som må starte på nytt etter at egga har vorte øydelagde.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er vanleg i Europa og finst austover forbi Ural til Altaj og Jenisej i aust, og til Kaukasus i søraust. Arten er utbreidd over det meste av Europa og mot aust gjennom Russland frå Kaukasus i sør og . To underartar er skildra, og i Vest-Europa er det nominatunderarten borin som hekkar. I Europa reknar ein med 17-31 millionar par som hekkebestand. Denne bestanden ser ut til å vere stabil.

Biotop og leveområde i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg reknar ein med at 200-700 tusen par hekkar. Hagesongaren lever i lauv- og blandingsskog med mykje urter og busker, og lever her langs kantar og i glenner. Elles gjerne i parkar og hagar, og helst der det er store tre. Fuglen held seg helst skjult i lauvverket. Finst over det meste av landet. Vanleg i dei sørlege og sommarvarme landsdelane, mindre vanleg i Nord-Noreg nord til Troms. På 1900-talet auka bestanden markert i Nord-Noreg, elles er utviklinga dårleg kjend eller utan store endringar.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Om våren og sommaren et hagesongaren edderkoppar, blautdyr, insekt og insektlarver. Om hausten gjerne bær og frukt i tillegg.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hannen kjem til hekkeplassen før hoa og bygger nokre uferdige reir. Når hoa kjem vert eit av desse fullført av begge fuglane saman. Reiret er ei skål som vert bygd av gras, røter, hår og strå, og vert plassert nær marka i tett buskas. Hoa legg 4 til 5 egg, som er grøn- eller gulkvite med grå og brunaktige flekkar. Dei vert ruga i 12-14 dagar til dei vert klekte. Ungane vert i reiret i 10 til 12 dagar. Nokre gongar kan paret legge eit kull til.

Trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

Trekket sørover startar straks hekkesesongen er avslutta i juli-august. Granskingar tyder på at fuglane legg bak seg 50-90 km per døgn på hausttrekket. I Sør-Noreg er der framleis mange fuglar i september, men dei fleste er komne lengre sør i Europa. For fuglar frå det vestlege Skandinavia går trekket sørvestover gjennom Europa, via den iberiske halvøya til Afrika, der fuglane overvintrar sør for Sahara i det sentrale og vestlege Afrika. Stort sett reknar ein med at underarten borin overvintrar i dette området, medan underarten woodwardi overvintrar i det austlege Afrika. Dei første hagesongarane flyg frå vinterkvartera i februar. Trekket nordover går langs same ruta som hausttrekket. I mai er dei fleste komne til Europa, og til Noreg kjem dei i slutten av mai eller tidleg i juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er bygd på stoff frå tysk og svensk wikipedia.
  • Norsk FUGLEATLAS, Norsk Ornitologisk Foreining, 1994.
  • Norsk RingmerkingsAtlas, 2006.