Hakon Magne Wrangell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hakon Magne Wrangell
Fødd 2. januar 1859
Død

31. august 1942

Yrke politikar

Hakon Magne Valdemar Wrangell (2. januar 185931. august 1942) var ein norsk skipsreiar og stortingsrepresentant frå Haugesund. Han representerte tre ulike partigrupper på Stortinget i tida 1903-09 og 1922-27.

Wrangell var son til ein telegrafist. Sjølv utdanna han seg til handelsmann, starta i 1880 opp eiga forretning i heimbyen. Han dreiv både handel og som skipsreiar, frå 1902 også kvalfangarselskap. I tiåra etter 1900 var han ein av dei tre mektige skipsreiarane i Haugesund. Han var mellom anna styreleiar i Haugesund Privatbank og formann i Englandsrutekomiteen. I 1896 var han medlem i ein departementskomite om vrakarlova.

Wrangell var medlem av bystyret i Haugesund i samanhengande 41 år, frå 1887 til 1928. Han var ordførar 1894-95, 1897 og 1899.

Han representerte Haugesund på Stortinget frå 1903 til 1909, vald 1903-06 for Moderate Venstre og 1906-09 for Samlingspartiet. Han var medlem i næringskomite nr 1, sekretær i komiteen 1906-09. Både i 1904-, 1906-, 1907- og 1908-sesjonane var han permittert i opptil 2-3 månader. Seinare, 1922–24 og 1925–27, vart han vald frå valkrinsen som omfatta kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland. Då vart han vald på programmet til Frisinna Venstre. Begge desse valbolkane var han nestformann i Næringskomite nr 1.

Frå 1927 til 1930 var Wrangell president i Norges Rederiforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]