Hopp til innhald

Haldor Virik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haldor Virik

Fødd2. juli 1880
Sandar kommune
Død17. august 1958 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre, Høgre
Yrkepolitikar, reiar, Konsul i diplomatiet, skipsmegler, hesteoppdretter, rytter
Alle verv

Haldor Virik (3. juli 188017. august 1958) var ein norsk skipsreiar og politikar frå Sandar i Vestfold. Han representerte Frisinna VenstreStortinget 1922-24, vald frå Vestfold fylke.

Bondesonen Virik utdanna seg til forretningslivet, arbeidde utanlands i fleire år. I 1907 byrja han som meklar heime i Sandar, tre år seinare grunnla han sitt eige reiarlag. Allereie før 1914 disponerte han ein stor kvalfangarflåte. Frå 1920-åra vart han meir og meir reiar innom skipsfart.

Tingperioden 1922-24 var han stortingsmann frå Vestfold. På Tinget var han medlem i Næringskomite nr 1. Han var også aktiv i lokal samfunnsstyring, såleis formannskapsmedlem 1920-25 i Sandar, ordførar i heradet 1938-40 og 1945-47. I tillegg var han formann i «en rekke kommunale komiteer»[treng kjelde] og med styreverv i private verksemder. Etter Frisinna Venstre gjekk i oppløysing, sokna han til partiet Høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]