Halsnøya i Ryfylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Halsnøy i Ryfylke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Halsnøy i Kvinnherad
Halsnøya i Ryfylke
Geografi
Norway - Halsnøy, Ryfylke.png
Stad Ryfylke
Koordinatar 59°11′34″N 05°57′07″EKoordinatar: 59°11′34″N 05°57′07″E

Areal 6,0 km²

Høgaste punkt Eikefjellet (214 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland

Demografi
Folketal 170
Folketettleik 28 /km²

Halsnøya (òg Halsnøyna) er ei øy i Ryfylke, og er den største av Fisterøyane i Finnøy kommune, tidlegare Fister kommune.

Halsnøya sør om Ombo

Halsnøy har om lag 50 husstandar og her bur dei fleste av dei ca. 170 fastbuande på Fisterøyane samla sett. Næringsvegane er frukt, oppdrettsfisk og skjeloppdrett. I Skartveitsvågen ligg ein familiedriven butikk. Her finst fasilitetar for båtturistar. Øya har gode båtsamband, både med bilferje og hurtigbåt til andre øyar i kommunen, til Jelsa, Sauda, Nedstrand og Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]