Hamburgaren til Gomez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Hamburgaren til Gomez teke 22. februar 2002.[1]

Hamburgaren til Gomez (òg kjend som IRAS 18059-3211) er ei protoplanetarisk tåka eller ei stjerna som er i sluttfasen av livet sitt like før ho blir til ei planetarisk tåka. Tåka er estimert til å liggja rundt 6500 lysår unna jorda i stjernebiletet Skytten.[1]

Den spesielle utsjånaden til Hamburgaren til Gomez har rot i to støvskiver separerte av eit mørkare støvband. Stjerna som er opphavet til tåka ligg bakom det mørke støvbandet, men det er ikkje kjend korfor stjerna omgjev seg med det. Ei moglegheit er at stjerna er del av eit binærsystem og at ho spinn raskt og kastar av seg materiale, for det meste frå ekvatorialregionen.[1]

Levetidene til protoplanetariske tåker som Hamburgare til Gomez er korte, og astronomar reknar med at tåka har blitt ei planetarisk tåka om mindre enn tusen år.[1]

Tåka blei oppdaga i 1985 av den chilenske observasjonsassistenten Arturo Gomez med Cerro Tololo interamerikanske observatorium sitt 1,5 meters teleskop.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Gomez's Hamburger: A Sun-Like Star Near the End of Its Life» - Hubble-pressemelding på NASA si Hubble-sida i samband med teleskopet sitt bilete av tåka.
  2. «Merkelige Gomez' tåke» - artikkel av Erik Tronstad frå 1986 om tåka.