Hamunsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 30°50′N 61°40′E
Hāmūn-e Helmand
دریاچه هامون, Daryācheh-ye Hāmūn
Hāmūn-e Helmand, Hāmūn-e Hīrmand, Hamoun-oasen, Sistansjøen, Daryācheh-ye Sīstān
innsjø
Hamun Wetlands - Chah nimeh Sistan Baluchistan province.jpg
Hamunsjøen
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan, Flag of Iran.svg Iran
Tilsig Helmand
Koordinatar 30°50′N 61°40′E
Areal 4 000 km² [1]

Hamunsjøen
30°45′55″ N 61°38′14″ E
Wikimedia Commons: Lake Hāmūn

Hamunsjøen er ein grunn, myrete og tidvis uttørka innsjø eller hamun i Sistan-regionen aust i Iran og vest i Afghanistan. Han får vatn frå Helmand, som spring ut i Hindu Kush-fjella i Afghanistan.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I lag med dei to mindre innsjøane Hāmūn-e Sabari og Hāmūn-e Puzak, som strekkjer seg inn i Lash wa Juwayn-distriktet i Farah-provinsen i Afghanistan, dannar han eit større våtmarksområde i det endorheiske Sistan-bassenget som strekkjer seg over grensa mellom det søraustlege Iran og det sørvestlege Afghanistan.

Hāmūnsjøen får hovudsakleg vatn frå nedslagsfelta på den afghanske sida, som Harut. Jarut munnar ut i innsjøen på den afghanske sida av grensa. I 1976, då elvane i Afghanistan rann jamt, var vassmengda i innsjøen relativ høg. Mellom 1999 og 2001 tørka innsjøen inn og han forsvann.

Når det er tørke i Afghanistan, eller vatnet i nedslagsfeltet vert nytta til vatning, tørkar innsjøen inn på den iranske sida. Når innsjøen er tørrlagd, bles ofte vinden fin sand frå botnen av innsjøen og dannar store sanddyner som dekkjer hundrevis av fiskelandsbyar langs den tidlegare breidda. Dette har òg gått hardt utover dyrelivet i og kring innsjøen. Endringar i vasspolitikken og auka nedbør i regionen har gjeve håp om at mykje av vatnet skal kome attende.[2]

I 1975 vart innsjøen, i lag med Hāmūn-e Sabari, erklært ein Ramsarstad.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hamunsjøen