Sistan-bassenget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 29°50′07″N 61°56′30″E
Sistan-bassenget
endorheisk nedslagsfelt
Afghanistan.A2003266.0625.500m.jpg
Satellittbilete over Sør-Afghanistan og Iran i ein sandstorm.
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan, Flag of Iran.svg Iran
Innsjø Hamunsjøen
elv Helmand
Koordinatar 29°50′07″N 61°56′30″E

Sistan-bassenget
29°50′7″ N 61°56′30″ E
Kart over Sistan/Helmand-vassdraget
Kart over Sistan/Helmand-vassdraget
Wikimedia Commons: Sistan Basin

Sistan-bassenget er eit endorheisk nedslagsfelt som utgjer store delar av det sørvestlege Afghanistan og mindre del av det søraustlege Iran, eit av dei tørraste områda i verda og eit område utsett for lange periodar med tørke. Nedslagsfeltet er eit system av elvar som flyt frå dei høgareliggande områda av Afghanistan og ut i ferskvassjøar og myrer, før dei endar opp i den salte Godzareh-senkinga i Afghanistan, som er ein del av det store Sistan-vassdraget. Helmand er det største vassdraget i området og får vatn frå snøsmeling i fjella Hindu Kush, men andre elver bidreg òg.[1][2]

Ein basalthaug, kalla Kuh-e Khwaja, stig opp frå sjøane og myrene i bassenget.

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Den lågaste delen av Sistan-bassenget inneheld ei rekkje grunne innsjøar, kalla hamunar. i fortida har det truleg vore ein enkel Hamunsjø,[3] men det er i dag tre separate innsjøar. Frå nord til sør er desse:

  • Hamun-e Puzak, som hovudsakleg ligg i Afghanistan. Han får vatn frå Shelah Charkh-greina av Helmand, og frå Khash-elva og andre småelvar.[4]
  • Hamun-e Sabari er delt mellom Iran og Afghanistan. Han får vatn frå Parian-greina av Helmand, Farah og Harut.[4]
  • Hamun-e Helmand er den største innsjøen, og ligg heilt innafor Iran. Denne får vatn frå ein grein kalla Rud-e Sistan.

Når det er stor vassføring vert dei tre hamunane ein enkel innsjø, noko som skjer kring kvart 20. år. Den vanlegvis tørrlagde elva Shela Rud vert fører då vatn frå Hamun-e Helmand og endar i Godzareh-senkinga. I 1885 var det ein særskild stor flaum og flaumvatnet fylte senkinga med vatn i tre år.[4]

I nyare år, særskild i ein tørke frå 1998 til 2005, har hamunane tørka heilt inn.[4]

Økologisk verdi[endre | endre wikiteksten]

Sidan jordbruk er hovudnæringa i regionen, er livsopphaldet avhengig av snøsmelting og regn i dei høge fjella for å halde Sistan-bassenget og våtmarkene her gåande. Denne vasskjelda er varierande gjennom tidene og har derfor skapt store problem for innbyggjarane her. Ein alvorleg, seks år lang tørke mot slutten av 1900-talet og fram til 2005 gav ekstreme tilhøve for området.[1]

Regionen er avhengig av våtmarksprodukta for å overleve økonomisk. Til dømes gjev siv mat til buskapen og brensel til matlaging og oppvarming, og råmateriale til bygg og handverk. Tilgjenget til vatn påverkar inntekta frå fiske og jakt, som er ei anna viktig inntektskjelde. Resultatet av tørken har ført til ein kollaps i den lokale økonomien og ei øydelegging av det økologiske systemet i våtmarksområda, med store skadar på jordbruket i elvedeltaet til Helmand.[5]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

I meir enn 5 000 år har Sistanbassenget vore busett av sofistikerte kulturar og har derfor nokre viktige arkeologiske stader. Shahr-i Sokhta, eller «Den brende byen», i Iran, vart bygt kring 3100 fvt. nær ei fortida uttørka grein av Helmand, og vart fråflytta tusen år seinare, truleg fordi elva endra lei.

Shahdad er ein plass frå bronsealderen.

Kang og Zaranj i Afghanistan var store kultursenter i mellomalderen, no dekte av sand. Her finst teikn etter vatningssystem, inkludert kanalar, som framleis er synlege i Dasht-e-Margo og Chakhansur, medan kanalane mudra til andre stader, medan jordbruksområda vart dekte av sand. I dag er området tynt folkesett.[1]

Utgravinga har òg avdekt borgkompleks og ruinane av eit parsistisk eldtempel på Kuh-e Khwaja.

Det finst andre viktige stader i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Sistan basin» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2021.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 1,2 «History of Environmental Change in the Sistan Basin 1976 - 2005» (PDF). Henta 4. april 2021. 
  2. «Restoration, Protection and Sustainable Use of the Sistan Basin». Henta 4. april 2021. 
  3. «9: The issue of Lake Hamun and the Hirmand River». Sentral Eurasian water crisis: Caspian, Aral, and Dead Seas. United Nations University. 1998. Henta 4. april 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Whitney, John (2006). «Geology, Water, and Wind in the Lower Helmand Basin» (PDF). U.S. Geological Survey. Henta 4. april 2021. 
  5. «History of Environmental Change in the Sistan Basin». www.envirosecurity.org. Henta 4. april 2021.