Endorheisk nedslagsfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NASA-bilete av det endorheiske Tarimbekkenet

Eit endorheisk nedslagsfelt eller bekken (frå gresk endo ‘innanfrå’ + rhein ‘å renne’) er eit lukka nedslagsfelt der vatnet ikkje renn vidare til havet. Normalt vil vatn i eit nedslagsfelt renne til havet via elvar eller gjennom porøst grunnfjell. I eit endorheisk nedslagsfelt vil regn (eller anna nedbør) berre forlate systemet via fordamping eller sig. Endorheiske nedslagsfelt vert òg kalla interne dreneringssystem. Nokre av dei største innsjøane i verda er endorheiske. Gode døme er Aralsjøen og Kaspihavet, den største salte vassmassen på jorda bortsett frå havet.[1]

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Endorheiske nedslagsfelt kan oppstå i alle typar klima, men er mest vanleg i varme ørkenområde. I område med meir nedbør vil erosjon frå elvane som regel grave ut dreneringskanalar (særleg i episodar med flaum), som til slutt bryt gjennom det lukka systemet og opnar det til det omliggande terrenget. Svartehavet var truleg ein slik innsjø med eit eige hydrologisk system før det kom i kontakt med Middelhavet ved Bosporos.

Endorheiske nedslagsfelt ligg vanlegvis langt inne i landet og grensar til fjell eller andre geologiske kjenneteikn som hindrar tilgang til havet. Sidan det innkomande vatnet berre forsvinn via siging eller fordamping, vil mineral eller andre ting samle seg opp i bekkenet og til slutt vil vatnet i innsjøane verte salt og vere svært sårbart for forureining.[1] I Australia utgjer dei endorheiske nedslagsfelta 18 % av arealet, noko som er mest i verda, medan Nord-Amerika har minst med 5 % av arealet-[2] Totalt er 18 % av landoverflata til Jorda dekt av endorheiske nedslagsfelt eller innsjøar. Dei største områda finn ein i det indre av Asia.

I varme ørkenar er vassinnstrauminga liten og fordampinga på grunn av varmen er stor. Dette reduserer drastisk danninga av komplette nedslagsfelt. Mineral frå det omliggande berget som vatnet renn over vert igjen i nedslagsfeltet når vatnet fordampar og endorheiske nedslagsfelt inneheld derfor ofte vidstrekte saltsletter eller playa. Desse områda er store, flate og harde overflater som stundom vert nytta som rullebaner eller forsøk på å sette fartsrekord på land.

Ein kan få danna både permanente endorheiske innsjøar og innsjøar som berre oppstår til visse tider på året i endorheiske nedslagsfelt. Sjølv dei permanente endorheiske innsjøane kan endre storleik og form over tid, og vert ofte mykje mindre eller bryt opp i fleire mindre delar i tørre delar av året. Menneskeleg påverknad av elvane som renn ut i desse innsjøane har òg ført til at innsjøane har endra form, vorte saltare og forureina.

Kjende endorheiske nedslagsfelt og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Store endorheiske nedslagsfelt i verda. Dei endorheiske nedslagsfelta er merkte med mørk grå. Store endorheiske innsjøar er merkte med svart.

Vidasjøen i Antarktis, ein av dei få endorheiske innsjøane i kalde ørkenar ikkje frys til is fordi saltinnhaldet er sju gonger høgare enn i sjøvatn.

Asia[endre | endre wikiteksten]

Kaspihavet, ein gigantisk innsjø

Store delar av Vest- og Sentral-Asia er eit einaste stort endorheisk nedslagsfelt. Det inneheld fleire innsjøar, som

Daudehavet er det lågaste punktet på landoverflata til Jorda og ein av dei saltaste vassmassane. Han ligg mellom Israel og Jordan.

Sambharsjøen i Rajasthan, nordvest i India, er òg ein del av eit endorheisk nedslagsfelt.

Australia[endre | endre wikiteksten]

Australia er særs tørt og har særs låg avrenning på grunn av det gamle jordsmonnet. Dette gjer at vassføringa i dei endorheiske nedslagsfelta varierer stort. Dei viktigaste er:

Eit satellittbilete frå NASA med falske fargar av Eyresjøen i Australia

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Store Saltsjø, satellittbilete (2003) etter fem år med tørke

Europa[endre | endre wikiteksten]

Alle desse innsjøane vert derimot drenert av anten kunstige kanalar eller via karstisk fenomen. Ein finn òg mindre endorheiske innsjøar i Middelhavsland som Spania (Laguna de Gallocanta), Italia, Kypros og Hellas.

Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

MODIS-bilete frå 4. november 2001 som viser Titicacasjøen, Salar de Atacama, Salar de Uyuni og Salar de Coipasa. Desse er alle delar av Altiplano

Tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Av tidlegare endorheiske system på Jorda:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Endorheic Lakes: Waterbodies That Don’t Flow to the Sea». United Nations Environmental Programme. Henta 17. juli 2007. 
  2. «Saline Lake Ecosystems of the World». Springer. Henta 31. juli 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]