Hans Bøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Bøen
Fødd3. januar 1847
Død28. juni 1918
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Hans Theodor Hansen Bøen (3. januar 184728. juni 1918) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Idd i Østfold. Frå 1892 til han døydde i 1918 representerte han partiet Venstre på Stortinget i til saman fem treårsbolkar.

Bøen var son til ein gardbrukar på Prestbakke i Enningdalen. Han tok sjølv over farsgarden Bøen i 1872. I mange år var han medlem av heradsstyret i Idd, også som ordførar. Tida 1899-1904 var han medlem av tilsynskommisjonen for Smaalensbanen.

Hans Bøen representerte Smaalenenes amtStortinget 1892-94 og 1900-03, og krinsen Idd og Marker periodane 1906-09 og 1913-15. På alle tingsamlingane var han medlem av kyrkjekomiteen, elles var han 1901-03 og 1913 medlem av valkomiteen, og i 1907-09 og 1913 av Lagtinget.

Bøen døydde brått i Kristiania, få timar etter han hadde halde innlegg i Lagtinget. I si melding av dødsfallet skreiv avisa Den 17de Mai at «Bøen vann seg vyrdnad og mange vener med sitt venesæle lag og si smaalaatne framferd. Han var ikkje av dei som tala mykje. Likevel var han ein god talsmann for dei sakene som laag han paa hjarta. Han var ein sterkt norsklyndt mann, likesom han og interesserte seg for kyrkjelege og religiøse spursmaal i det heile.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]