Hans Furulund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Furulund
Hans Christian Furulund.jpg
Fødd28. august 1847
Ullensaker
Død28. desember 1924
Østre Aker
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde, forretningsdrivande

Hans Kristian Amundsen Furulund (28. august 184728. desember 1924) var ein gardbrukar, verkseigar og stortingsmann frå Ullensaker i Akershus. Han var medlem av Venstre.

Far hans var gardbrukar i Ullensaker. Sjølv var han gardbrukar i Nannestad frå 1869, og så frå 1874 i heimbygda Ullensaker. I 1891 vart han medeigar av Ullensaker sagbruk og høvleri, eigar av Breivold i Aker og Alna teglverk i 1897. Han var medlem av heradsstyret frå 1875, ordførar 1882-88.

Furulund representerte Akershus amtStortinget frå 1880 til 1888. Han var i alle åra medlem av konstitusjonskomiteen, perioden 1886-88 også av Lagtinget. I 1887 vart han medlem av den kongelege tollkommisjonen.

Busett i Østre Aker, der han døydde i 1924.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]