Kvener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjølking av reinsdyr, Vest-Finnmark på slutten av 1800-talet - Typisk kvensk mannsantrekk

Kvener, tidlegare òg kvæner, er medlemmer av ei folkegruppe i Troms og Finnmark som er etterkommarar etter innvandrarar frå Finland frå 1600-talet av. Opphavleg morsmål for kvenene er kvensk, eit finsk ugrisk språk nærskyldt med finsk. Kvenene har status som nasjonal minoritet i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvener synest opphavleg å ha vore ei vestfinsk folkegruppe som dreiv med kombinert fangst- og handel i nord. Dei har identiteten sin knytt til Nordkalotten. Ottar si forteljing til kong Alfred av England, fr 800-talet, nemner kvenene som ei folkegruppe i området i tillegg til samar, karelar og nordmenn.

Kva tid kvensk busetjing tok til i Nord-Noreg er vanskeleg å vita, fordi kjeldematerialet er mangelfullt og problematisk- både innanfor stadnamnforsking og arkeologi. Når det gjeld skriftlege kjelder, veit vi likevel at i skattemanntalet frå første halvdelen av 1500-talet er det belegg for kvensk busetjing. Også skattemanntalet frå andre halvdelen av 1500-talet stadfestar kvensk busetjing - både som skattemenn og som drenger. Dette blir stadfesta i 1600-talsmaterialet ved at tingbøkene au omfattar kvenene.

Ordet kven har gjennom hundreåra hatt ulike meiningar. Kvenene har au vore gjenstand for ein liknande, aktiv fornorskingspolitikk som samane. Fornorskingspolitikken vart særleg aktivt praktisert frå 1880 og hundre år framover. Han var prega av nasjonalisme med låg toleranseterskel og otte for kvenene som ein mogleg tryggingspolitisk risiko.

Målet om fornorsking fekk følgjer for distrikts- og tryggingspolitikken. Det er likevel den kulturpolitiske delen og kva skolen og språket hadde å seie som er mest interessant i denne samanhengen. Norske lærarar og norsk språk var einerådende i skolen. Stortinget vedtok så seint som i 1936 at finsk ikkje lenger kunne nyttast som hjelpespråk i skolen. For grunnskolen sitt vedkommande varte dette til 1980. Kvenene sitt språk vart undertrykt for å svekkje den etniske identiteten. I perioden 1945 til 1970 vart reglar som tok sikte på fornorsking ikkje handheva i like stor grad, men heller ikkje formelt avvikla. I mønsterplanen frå 1985 vart finsk for første gong nemnt i offentlege læreplaner. I 1996 vedtok Stortinget at finsk vart gjeve offisiell status som andrespråk i område av Troms og Finnmark med kvensk eller finsk befolkning. Kvenene sin språksituasjon blir au diskutert i samband med bruk av stadnamn og namn på kommunar, særleg i trespråklege regionar i dei nordlegaste fylka.

Fornorskingsprosessen har ført med seg liknande former for trakassering, mindreverdskjensle og problem med å hevde seg i samfunnet for kvener som for samar. Først på 1970-talet vart det nytt liv i det kvenske miljøet, kan hende som ein indirekte effekt av utviklinga for samane. Dette førte til auka medvit om eigen kultur og til organisering på etnisk grunnlag. Det er i dag to organisasjonar som mottek statsstøtte. Men det er forskjellige syn i den kvenske gruppa om eige språk og eiga minoritetsstilling. Det er ingen sikre anslag på kor mange kvener det finst i dag. Spørsmålet om kvenene sin formelle minoritetsstatus blir drøfta i samband med norsk ratifisering av Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]