Hans Olsson Hammerstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Olsson Hammerstad
Fødd 6. august 1840
Sørum
Død

15. mai 1877
Kristiania

Yrke politikar, bonde

Hans Laurits Olsson Hammerstad (6. august 184015. mai 1877) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann fødd i Sørum i Akershus. Ole Larsson Hammerstad var far hans.

Han tok over farsgarden Hammerstad i Østre Toten i 1874 og dreiv denne til han døydde tre år seinare. I 1876 vart han vald til ordførar i heradet, etter å ha vore medlem av heradsstyret ei tid. Hammerstad vart vald til 5. representant frå Kristians amtStortinget 1877-79. Han var medlem av justiskomiteen, men vart permittert allereie 2. mai 1877, grunn sjukdom. Knappe to veker seinare døydde han i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]