Hans Peter Jenssen (1797–1868)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Peter Jenssen (1797–1868)
Skipsreder Hans Peter Jenssen (1797 - 1868) (2741550625).jpg
Fødd 1. februar 1797
Trondheim
Død

2. april 1868
Trondheim

Yrke handelsmann, reiar, Konsul i diplomatiet, politikar

Hans Peter Jenssen (1. februar 17972. april 1868) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Trondheim. Han var far til Hans Peter Jenssen og Anton Jenssen, medan Nicolai Jenssen var ein eldre bror.

H.P. Jenssen var son til ein grosserar. Saman med fleire brør eigde han firmaet Jenssen & Co. i Trondheim. Han var elles styreleiar i både Trondheim Sparebank, og «direktør» for Røros og Selbu verk og for Nordenfjeldske dampskipsselskap, samt i mange år medlem i Trondheim bystyre.

Jenssen møtte fyrste gongen på Stortinget i 1842-sesjonen som suppleant i staden for Jacob Gram og valkrinsen Trondhjem. Sidan var han vald representant frå valkrinsen Trondhjem og Levanger på stortinga 1845, 1851, 1859-60 og 1862-63, dessutan møtte han som suppleant/varamann på Omframtstortinget 1858 frå 29. mai. I 1864 melde han forfall til omframtstortinget grunna sjukdom. På Stortinget var Jenssen medlem i Næringskomite nr 2 i 1842 og 1845 og sekretær i 1851. Vidare var han medlem av Lagtinget i 1845,1851, 1859-60 og 1862-63. Han var også medlem 1851 i Jarnbanekomiteen og 1860 i Valkomiteen, samt formann i Bankkomiteen både i 1859-60 og 1862-63. I 1845 var Jenssen medlem av Riksretten som frikjende statsråd Jørgen Herman Vogt, og i 1860 av deputasjonen Stortinget sende til kryninga av Karl III i Stockholm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]