Hans Stavrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Stavrand
Fødd 4. januar 1894
Død

17. mars 1980

Yrke politikar

Hans Nikolai Stavrand (4. januar 189417. mars 1980) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Sandtorg i Troms som representerte Venstre og Troms fylke på Stortinget i tida 1950-1961.

Stavrand deltok i sesongfiskeria fram til 1935, og var elles anleggsarbeidar i tida 1919-22. I 1921 gjekk han Trondenes folkehøgskule og skuleåret 1922-23 gjekk han landbruksskule på Gibostad. Frå 1927 til 1948 arbeidde han tidvis som oppmålar for jordstyret i Sandtorg herad. Han overtok farsgarden Nordvik i 1930 og dreiv denne til ein ny generasjon tok over.

Stavrand var medlem av heradsstyret i Sandtorg frå 1932 til 1959, varaordførar 1938-40. Gjennom heile denne tida hadde han ei mengd styreverv, både i kommunal og privat verksemd, samt i organisasjonar. Ved stortingsvalet hausten 1949 fekk Stavrand fast plass på Tinget, og vart deretter attvald to gongar. Alle tre stortingsperiodane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]