Hans Zimmer
Hans Zimmer | |
![]() | |
Statsborgarskap | Tyskland, USA |
Fødd | 12. september 1957 (66 år) Frankfurt am Main |
Yrke | komponist, gitarist, pianist, musikkprodusent, filmmusikkomponist |
Språk | engelsk |
Medlem av | Helden |
Ektefelle | Vicki Carolin, Suzanne Zimmer |
Nettstad | https://www.hanszimmerlive.com/ |
Hans Zimmer på Commons |
Hans Florian Zimmer (fødd 12. september 1957) er ein tyskfødd filmmusikkomponist busett i Los Angeles, California.
Zimmer vart fødd i Frankfurt, og flytte til London som tenåring. Han starta den musikalske karrieren sin ved å spela keyboard og synthesizer for banda Ultravox og The Buggles (kjend for songen Video Killed the Radio Star) med fleire. I London møtte han filmmusikkomponisten Stanley Myers, og dei to starta eit samarbeid i lag innan filmmusikk.
Zimmer laga sin fyrste filmmusikkk på eiga hand med filmen Terminal Exposure frå 1987. Han var produsent for filmmusikken til Den siste keiseren frå same året, som vann Oscar for beste filmmusikk.
Gjennombrotet til Zimmer kom likevel med filmen Rain Man frå 1988. Zimmer komponerte musikken åleine, og filmen vart nominert til ein Oscar for beste filmmusikk. Etter dette har Zimmer komponert musikken til ei rekkje Hollywood-filmar og vunne både Oscar-prisar, Grammy-prisar, Satellite Awards og fleire andre utmerkingar for arbeidet sitt. Nokre av dei mest kjende er filmmusikken til Gladiatoren (i samarbeid med Lisa Gerrard), Prinsen av Egypt, Rødt hav, Jakten på Rød Oktober, Løvenes konge og The Rock.
Filmmusikk av Hans Zimmer (utval)[endre | endre wikiteksten]
1987[endre | endre wikiteksten]
- Terminal Exposure (with Stanley Myers)
- Going for Gold (fjernsyn) - Kjenningsmelodi
1988[endre | endre wikiteksten]
- Rain Man (Oscar Nomination)
1989[endre | endre wikiteksten]
1990[endre | endre wikiteksten]
1991[endre | endre wikiteksten]
1992[endre | endre wikiteksten]
1993[endre | endre wikiteksten]
1994[endre | endre wikiteksten]
1995[endre | endre wikiteksten]
1996[endre | endre wikiteksten]
1997[endre | endre wikiteksten]
1998[endre | endre wikiteksten]
- Den tynne røde linjen (Oscar Nomination)
- Prinsen av Egypt (Golden Globe & Oscar Nomination)
1999[endre | endre wikiteksten]
- Chill Factor (med John Powell)
2000[endre | endre wikiteksten]
2001[endre | endre wikiteksten]
2002[endre | endre wikiteksten]
2003[endre | endre wikiteksten]
- Den siste Samurai (
- Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl (med Klaus Badelt m.fl.)
- Solens tårer
- Johnny English (kjenningsmelodi skriven med Robbie Williams)
2004[endre | endre wikiteksten]
2005[endre | endre wikiteksten]
- Madagaskar (med Heitor Pereira og James Dooley)
- Batman Begins (med James Newton Howard)
2006[endre | endre wikiteksten]
- Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest
- Da Vinci-koden (Golden Globe Nomination)
- The Holiday
2007[endre | endre wikiteksten]
- Pirates of the Caribbean: At World's End
- The Simpsons Movie
2008[endre | endre wikiteksten]
- The Dark Knight (med James Newton Howard) (Grammy Winner)
- Kung Fu Panda (med John Powell)
- Madagaskar 2
2009[endre | endre wikiteksten]
- Engler og demoner
- Sherlock holmes (Oscar Nomination)
2010
2011[endre | endre wikiteksten]
- Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides
- Kung Fu Panda 2
- Sherlock Holmes 2
2012[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Engelsk Wikipedia om Hans Zimmer, henta inn 17. desember 2010.