Ultravox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ultravox

Ultravox i 2012 på ein konsert i Hammersmith Apollo i London under «Brill!ant»-turneen.
Alias
  • Tiger Lily (1974–1975)
  • ymse andre namn (1975–1976)
  • Ultravox! (1976–1978)
OpphavLondon i England
Aktiv
  • 1974–1988
  • 1992–1996
  • 2008–2017
Sjanger
Tilknytte artistarVisage
Plateselskap
Tidlegare medlemmerChris Cross
John Foxx
Stevie Shears
Warren Cann
Billy Currie
Robin Simon
Midge Ure
Mark Brzezicki
Tony Fenelle
Gerry Laffy
Neal Wilkinson
Jackie Williams
Sam Blue
Vinny Burns
Tony Holmes
Gary Williams

Ultravox (tidlegare skrive Ultravox!) var eit britisk new wave-band, skipa i London i april 1974 som Tiger Lily. Mellom 1980 og 1986 gav dei ut sju topp 10-album og sytten topp 40-singlar i Storbritannia. Den mest suksessrike av desse var «Vienna» i 1980.

Frå 1974 til 1979 var songaren John Foxx frontmann og den drivande krafta bak Ultravox. Foxx slutta i mars 1979 for å satse på ein solokarriere og Midge Ure tok over som frontmann, songar og gitarist i oktober 1979, etter at han og klaverspelaren Billy Currie hadde arbeidd i lag på studioprosjektet Visage. Ure revitaliserte bandet og styrte dei mot kommersiell suksess fram til 1988, då gruppa vart oppløyst.

Ei ny besetning, leia av Currie, vart skipa i 1992, men fekk avgrensa suksess med to album som missa salslista og ein veldedig singel som nådde 90. plassen på den britiske singellista.

Den best kjende besetninga med Currie, Ure, bassisten Chris Cross og trommeslagaren Warren Cann kom saman att i 2008 og spelte ei rekkje konsertar i 2009 og 2010, før dei gav ut eit nytt studioalbum, Brill!ant, i mai 2012. Dette nådde 21. plassen på den britiske albumlista. I november 2013 var Ultravox gjester på fire konsertar i Storbritannia under Simple Minds-turné. Desse konsertane vart truleg dei siste Ultravox gjorde sidan både Currie og Ure i 2017 indikerte at Ultravox ikkje kom til å kome saman att.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år – Tiger Lily: 1974–1976[endre | endre wikiteksten]

Bandet vart skipa i april 1974 etter initiativ frå vokalisten og låtskrivaren Dennis Leigh, som då var student ved Royal College of Art, og vart opphavleg kalla Tiger Lily. Ei første, ukomplett besetning bestod av Leigh, Chris Allen, som då kalla seg Chris St. John (bassgitar) og Stevie Shears (gitar),[1] med Warren Cann (trommer) og Billy Currie (fiolin) inn i bandet i høvesvis mai og oktober 1974.[2] Gruppa gav ut ein singel i 1975, «Ain't Misbehavin'», ein versjon av Fats Waller-songen som vart nytta i ein mjukpornofilm. Seinare endra bandet namn fleire gonger, som The Zips, Fire of London, London Soundtrack, og The Damned, eit namn dei hadde i nokre veker før dei oppdaga at eit anna band alt hadde dette namnet.[2]

Eksperimentelle år: 1976–1979[endre | endre wikiteksten]

Ultravox![endre | endre wikiteksten]

Bandet fekk rykte på seg som eit godt konsertband, og fekk kontrakt med Island Records i 1976. Gruppa hadde enno ikkje landa på eit bandnamn, og ønskte å kome med eit endeleg namn. I juli 1976, medan dei arbeidde på det siste stadiet av debutalbumet, kom bandet opp med namnet Ultravox! (utropsteiknet var ein referanse til det tyske krautrockbandet Neu!, produsert av Conny Plank, som seinare produserte tre Ultravox-album). Samstundes valde Leigh namnet John Foxx og Allen tok namnet Chris Cross som scenenamna sine.[2] I februar 1977 gav Island ut det sjølvoppkalla debutalbumet deira, Ultravox!.

Som mange andre band som vart skipa i punk og new wave-rørslene i Storbritannia, henta Ultravox! inspirasjon frå kunstskulesida av glamrocken. Musikalsk var Ultravox kraftig inspirert av Roxy Music, New York Dolls, David Bowie og Kraftwerk.[3] Debutplata deira vart samprodusert av Steve Lillywhite og Brian Eno. Ultravox! selde skuffande og verken albumet eller singelen, «Dangerous Rhythm», gjekk inn på dei britiske listene. Forholda i bandet var stundom tøffe på denne tida, sidan Foxx hadde bestemt seg for å leve utan kjensler, noko han skreiv om på ein song på debutplata, «I Want to Be a Machine».

Ultravox kom saman att i 1977 med den meir punk-prega Ha!-Ha!-Ha!. Både albumet og den første singelen, «ROckWrok», selde dårleg, og ingen av dei gjekk inn på salslista. «ROckWrok» hadde ein pønkete tekst i refrenget med orda «Come on, let's tangle in the dark/Fuck like a dog, bite like a shark». Trass i dette vart han spelt på BBC Radio 1. Sjølv om Ha!-Ha!-Ha! var dominert av gitar og elektrisk fiolin var det siste sporet, «Hiroshima Mon Amour», ein prototypisk synthpopsong. Det var ein av dei første songane av eit britisk band med ein trommemaskin (ein Roland Rhythm 77 med førehandsinnstilte rytmar) og ein tenorsaksofonsolo spelt av «cc» i bandet Gloria Mundi. «Hiroshima Mon Amour» signaliserte ei ny retning for Ultravox. Energien, sinnet og populariteten til punken byrja å dale i 1978,[4] og den meir kreative britiske pønkarane søkte nye retningar. Dei kalla seg den nye bølgja i Storbritannia, eller the new wave, i staden for punkrock-artistar. «Hiroshima Mon Amour» er ein favoritt hos både kritikarar og fansen frå den tidlege perioden til gruppa. Ultravox! framførte òg seinare songen på The Old Grey Whistle Test i 1978.

Ultravox[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i mars 1978 fekk Stevie Shears, som dei meinte var for avgrensa på gitar, sparken frå bandet etter ein turné i England[5] og han vart med i Cowboys International i 1980. Han vart erstatta av Robert Simon (tidlegare medlem i Ian North-bandet Neo), som i løpet av dei første dagane i bandet endra artistnamnet sitt til Robin Simon.[6] Ei stund inn i 1978 droppa gruppa òg utropsteiknet i bandnamnet og vart berre «Ultravox». Den nye besetninga spelte på Reading-festivalen i lag med Radio Stars, Penetration, Sham 69, The Pirates og The Jam, og spelte tidlege versjonar av «Slow Motion» og «Quiet Men» den 27. august 1978.[7]

Det tredje albumet deira, Systems of Romance i 1978, vart spelt inn med produsenten Conny Plank (produsenten for det tyske electronicabandet Kraftwerk) og lydteknikaren Dave Hutchins i studioet til Plank på landsbygda i Tyskland. Musikalsk vart albumet markant forskjellig frå dei tidlegare albuma til Ultravox, med synthesizerar som det dominerande instrumentet. Trass i ros frå somme kritikarar, selde albumet dårleg. Sidan ingen av albuma deira hadde hatt suksess vart det stadig meir krangling i bandet, særskild mellom Currie og Foxx.

Island droppa bandet 31. desember 1978 etter eit mislykka forsøk på å marknadsføre albumet i USA. Dette verka å vere spikaren i kista, men Ultravox finansierte på eiga hand ein turné i USA tidleg i 1979. Dei gav seg etter den siste konserten nær San Francisco i mars 1979 då Foxx erklærte at han ønskte å gå solo. Simon vart verande att i USA og vart ei kort stund med i The Futants, eit amerikansk punkband frå New York. Han drog seinare attende til England og slo seg saman med Howard Devoto for å erstatte gitaristen John McGeoch i bandet Magazine. Dei attverande medlemmane reiste attende til Storbritannia. Island droppa dei tre Ultravox-albuma i katalogen sin og gav ut eit samlealbum med høgdepunkt frå desse i 1980, kalla Three into One.

Foxx signerte kontrakt med Virgin Records og gav ut albumet Metamatic i januar 1980. På denne tida hadde Billy Currie henta inn av den gryande stjerna Gary Numan i 1979 for å spele på Old Grey Whistle Test med bandet sitt Tubeway Army. Numan var fan av Ultravox og Currie vart spurt om å spele på det første soloalbumet til Numan, The Pleasure Principle, og den påfølgjande turneen. Warren Cann arbeidde for Zaine Griff, medan Chris Cross spelte nokre konsertar med James Honeyman-Scott (i The Pretenders) og Barrie Masters (frå Eddie and the Hot Rods).

Midge Ure-åra: 1979–1988[endre | endre wikiteksten]

Bandet såg ut til å vere over, men Ultravox vart så revitalisert av Midge Ure, som kom inn i bandet som vokalist, gitarist og klaverspelar. Han hadde alt hatt litt suksess med det halvvegs glam-aktige bandet Slik og Glen Matlock sitt The Rich Kids, og i 1979 spelte han ei kort stund med hardrockbandet Thin Lizzy. Ure og Billy Currie hadde møtt då dei samarbeidde i Visage, eit studiobasert band front av New Romantic-ikonet Steve Strange.

Etter forslag frå Visage-trommeslagaren og den felles venen Rusty Egan, spurte Currie Ure om å bli med i Ultravox. Ure fylte både rollene til John Foxx og Robin Simon på det neste albumet til Ultravox, Vienna, der dei tok ei ny musikalsk retning og vart det mest suksessrike albumet deira til då. Som med Systems of Romance, vart det produsert i Tyskland av Conny Plank. Ure kjende til dei tidlegare platene til Ultravox, og likte Systems så godt at det nye fire mann store bandet spelte songar frå albumet på turnear med Ure. Albumet kom ut på Chrysalis Records i juni 1980 og gav bandet den første topp 40-hitten deira i Storbritannia med «Sleepwalk» som nådde 29. plassen, medan sjølve albumet nådde 14. plassen. Den andre singelen frå albumet, «Passing Strangers», nådde berre 57. plassen, men den tredje singelen vart ein stor hitt for dei, tittelsporet på albumet (inspirert av Carol Reed-filmen The Third Man frå 1949). I lag med ein nyskapande video, vart singelen den største hitten til Ultravox då han kom ut i januar 1981. Han nådde andreplassen på den britiske singellista, berre bak John Lennon-songen «Woman» og så Joe Dolce-songen «Shaddap You Face»). Med den sterke singelen, gjekk albumet inn att på lista og nådde tredjeplassen tidleg i 1981. Ein fjerde singel frå albumet, «All Stood Still», nådde åttandeplassen i 1981, og «Slow Motion» frå Systems of Romance kom ut på ny og nådde 33. plassen same året.

Dette vart raskt etterfølgd av Rage in Eden (1981) der bandet igjen drog attende til studioet til Conny Plank for det som kom til å bli ei vanskeleg innspeling. Medan songane på Vienna hadde blitt framført ein heil del på konsertane før plata vart spelt inn på tre veker, vart Rage in Eden spelt inn på over tre månadar. Albumet hadde ein lang song i tre delar på den andre sida. Albumet nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia, medan dei to singlane frå albumet, «The Thin Wall» og «The Voice», begge nådde topp 20, og nådde høvesvis 14. og 16. plassen.

Ultravox slo seg saman med produsenten George Martin for Quartet i 1982, og denne nådde sjetteplassen i Storbritannia med fire topp 20-singlar: «Reap the Wild Wind» nådde 12. plassen og «Hymn» 11. plassen, begge i 1982. I 1983 nådde «Visions in Blue» 15. plassen og «We Came to Dance» 18. plassen. Det var òg det mest suksessrike albumet deira i USA, der det nådde 61. plassen.

Bandet la ut på ein stor verdsturné, kalla Monument Tour, og opptak frå denne kom ut på LP og video i 1983, og denne nådde òg topp 10 i Storbritannia.

I 1984 kom Lament som fortsette rekkja av topp 10-album og produserte tre topp 40-hittar, inkludert den internasjonale hitten «Dancing with Tears in My Eyes» (3. plass i Storbritannia), «Lament» (22. plassen) og «One Small Day» (27. plassen).

Mot slutten av 1984 kom ei samleplate med dei største hittane deira frå 1980-åra ut på The Collection. Før dette albumet kom ein ny singel, «Love's Great Adventure», som vart mykje spelt på radio denne hausten og til slutt nådde 12. plassen i Storbritannia, i lag med ein populær, Indiana Jones-aktig video. The Collection selde til tredobbel platinaplate og nådde andreplassen på den britiske albumlista. Dette var den høgaste plasseringa bandet klarte.

På denne tida var Ure òg medlåtskrivar og medprodusent på Band Aid-singelen «Do They Know It's Christmas?» i 1984. Gruppa spelte òg på Live Aid året etter og spelte fire av hitsinglane sine («Vienna», «Reap the Wild Wind», «Dancing with Tears in My Eyes» og «One Small Day»). Seinare i 1985 fekk Ure ein solohitt som gjekk heilt til topps på singellista med «If I Was», medan soloalbumet hans The Gift nådde andreplassen i Storbritannia.

Ultravox kom saman att i 1986, men Warren Cann fekk sparken frå bandet i byrjinga av innspelinga av U-Vox. Cann flytta til USA og trekte seg attende frå musikkindustrien for å bli skodespelar i staden. Mark Brzezicki frå Big Country vart erstattaren hans. U-Vox vart sidan skildra av Currie og Ure som «ufokusert». Sjølv om dei fortsette rekkja med topp 10-album i Storbritannia, vart ikkje singlane like populære, noko som til slutt fekk både Ure og Cross til å slutte i bandet. «Same Old Story» nådde 31. plassen på lista, medan «All Fall Down» nådde 30. plassen i 1986, og «All in One Day» nådde 88. plassen i 1987. I 1987 valde Ultravox å gje seg etter turneen deira var over, og i 1988 vart bandet oppløyst.[8] Ure konsentrerte seg så om solokarrieren med varierande suksess, og Cross trekte seg heilt attende frå musikkindustrien og fokusere på ein karriere som psykoterapeut i staden. Billy Currie og Robin Simon kom saman att i 1989 i det kortvarige bandet Humania. Dei spelte nokre konertar, men gav ikkje ut noko album før i 2006, då Sinews of the Soul kom ut.

Sidan 1979 hadde Ure og Currie òg vore ein del av Visage på deltid, samstundes med Ultravox. I denne tida hadde Visage gjeve ut to suksessrike album og fått fleire hitsinglar (mellom anna «Fade to Grey»), men Ure valde å slutte i 1982 for å konsentrere seg om Ultravox. Currie var med Visage fram til 1984.

Ultravox-vokalisten Midge Ure på scenen i april 1984

Etter-Midge Ure: 1992–1996[endre | endre wikiteksten]

Utan nokre av dei andre originale medlemmane, starta Currie Ultravox opp att i 1992 med vokalisten Tony Fenelle for å spele inn Revelation, og seinare erstatta Sam Blue Fenelle i eit nytt fem mann stort Ultravox. Denne utgåva spelte inn albumet Ingenuity (1994). Desse utgåvene hadde ikkje mykje kommersiell suksess og bandet vart oppløyst att i 1996.

Sameining: 2008–2017[endre | endre wikiteksten]

Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure kom saman att i Ultravox i 2008 for ein britisk turné i april 2009 kalla «Return to Eden».[9] Dette var første gongen den klassiske besetninga spelte i lag sidan Live Aid i 1985. Turneen føregjekk i Storbritannia, og vart seinare utvida til Tyskland og Belgia.

I september 2008 kom både Vienna og Rage in Eden ut som doble album der den andre plata inneheld materiale som ikkje var gjevne ut før. Quartet og Monument kom ut i februar 2009.

I 2011 vart det annonsert at Ultravox arbeidde med eit nytt studioalbum. Brill!ant kom ut 28. mai 2012.[10] Bandet la ut på turné etter albumet med konsertar i Storbritannia og Europa seint i 2012. I november 2013 spelte Ultravox dei siste konertane sine til no, som gjesteartistar på fire konsertar i Storbritannia med Simple Minds.

4. januar 2017 annonserte Billy Currie på den offisielle nettsida si at han ikkje kom til å spele med Ultravox igjen.[11][12] I desember 2017 sa Midge Ure i eit intervju at det var lite truleg at bandet nokon gong kom saman att.[13]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I lag med artistar som Visage og Gary Numan, var Ultravox ein av dei tidlege inspirasjonskjeldene på techno. I boka si Energy Flash siterer Simon Reynolds Adam Lee Miller frå Adult: «Eg blir alltid irritert når folk seier at den første 'techno'-plata var Cybotron-albumet 'Alleys of Your Mind'... For meg var det berre ei new wave-plata. Det høyrest meir ut som 'Mr X' av Ultravox.»[14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Ultravox.

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Klassisk besetning
  • Chris Cross – bass, synthesiser, korvokal (1974–1988, 2008–2017)
  • Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, korvokal, stundom solovokal (1974–1986, 2008–2017)
  • Billy Currie –synthesiser, klaverinstrument, fiolin, bratsj (1974–1988, 1992–1996, 2008–2017)
  • Midge Ure – solovokal, gitar, synthesiser (1979–1988, 2008–2017)

Tidlegare medlemmar
  • John Foxx – solovokal (1974–1979)
  • Stevie Shears – gitar (1974–1978)
  • Robin Simon – gitar, korvokal (1978–1979)
  • Mark Brzezicki – trommer, perkusjon (1986–1988)
  • Tony Fenelle – solovokal, gitar (1992–1994)
  • Gerry Laffy – gitar (1992–1994)
  • Neal Wilkinson – trommer, perkusjon (1992–1994)
  • Jackie Williams – korvokal (1992–1994)
  • Sam Blue – solovokal (1994–1996)
  • Vinny Burns – gitar (1994–1996)
  • Tony Holmes – trommer, perkusjon (1994–1996)
  • Gary Williams – bass (1994–1996)

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

1974 1975–1978 1978–1979
  • Chris Cross – bass, korvokal
  • John Foxx – solovokal
  • Stevie Shears – gitar
  • Warren Cann – trommer, korvokal
  • Billy Currie – fiolin
  • Chris Cross – bass, korvokal
  • John Foxx – solovokal
  • Stevie Shears – gitar
  • Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, korvokal
  • Billy Currie – fiolin, klaverinstrument, synthesiser
  • Chris Cross – bass, synthesiser, korvokal
  • John Foxx – solovokal
  • Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, korvokal
  • Billy Currie – klaverinstrument, fiolin
  • Robin Simon – gitar, korvokal
1979–1986
Klassisk besetning
1986–1988 1988–1992
  • Chris Cross – bass, synthesiser, korvokal
  • Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, korvokal
  • Billy Currie – synthesiser, piano, fiolin, bratsj
  • Midge Ure – solovokal, gitar, synthesiser
  • Chris Cross – bass, synthesiser, korvokal
  • Billy Currie – klaverinstrument, fiolin, bratsj
  • Midge Ure – solovokal, gitar, synthesiser
  • Mark Brzezicki – trommer, perkusjon

Oppløyst

1992–1994 1994–1996 1996–2008 2008–2017
  • Billy Currie – klaverinstrument, fiolin, bratsj
  • Tony Fenelle – solovokal, gitar
  • Gerry Laffy – gitar
  • Neal Wilkinson – trommer, perkusjon
  • Jackie Williams – korvokal
  • Billy Currie – klaverinstrument, fiolin, bratsj
  • Sam Blue – solovokal
  • Vinny Burns – gitar
  • Tony Holmes – trommer, perkusjon
  • Gary Williams – bass

Disbanded

  • Billy Currie – klaverinstrument, fiolin, bratsj
  • Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, korvokal
  • Chris Cross – bass, synthesiser, korvokal
  • Midge Ure – solovokal, gitar, synthesiser

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «John Foxx and Ultravox!». Mojo. September 2006. Arkivert frå originalen 15. oktober 2014. Henta 30. august 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Warren Cann/Ultravox Interview». Discog.info. 10. desember 1997. Henta 30. august 2020. 
  3. Ankeny, Jason. «Ultravox | Music Biography, Streaming Radio and Discography | AllMusic». AllMusic. Henta 30. august 2020. 
  4. Reynolds, Simon (2004). Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984. 
  5. Wårstad, Jonas (27. november 1998). «Warren Cann/Ultravox Interview». Discog.info. Henta 30. august 2020. 
  6. «Neo – A Punk History with Pictures.». Punk77.co.uk. Henta 30. august 2020. 
  7. «Reading Rock Festival.Reading 1978». Ukrockfestivals.com. Henta 30. august 2020. 
  8. Currie, Billy. Sinews of the Soul. Arkivert frå originalen 1. desember 2006. Henta 30. august 2020. 
  9. «Ultravox.org.uk – News». Ultravox.org.uk. Arkivert frå originalen 25. desember 2008. Henta 30. august 2020. 
  10. Eames, Tom (31. mai 2012). «Ultravox Release First New Album with Midge Ure in 26 Years – Music News – Digital Spy». Digital Spy. Henta 30. august 2020. 
  11. «Home». Billycurrie.com. Henta 30. august 2020. 
  12. «Billy Currie - GFORCE SOFTWARE». Gforcesoftware.com. Arkivert frå originalen 29. mars 2019. Henta 30. august 2020. 
  13. Simpson, George (12. desember 2017). «Midge Ure SPEAKS OUT on Ultravox’s future and new album Orchestrated (EXCLUSIVE)». Express.co.uk. Henta 30. august 2020. 
  14. Reynolds, Simon (2011). Energy Flash. Picador. s. 481. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ultravox