Robbie Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robbie Williams

Williams under Progress Live i mai 2011
Fødd13. februar 1974 (50 år)
Stoke-on-Trent, Staffordshire, England
FødestadStoke-on-Trent
FødenamnRobert Peter Williams
OpphavStorbritannia
Aktiv1990 til i dag
SjangerPoprock, soft rock, dance, britpop
InstrumentVokal, gitar, bassgitar, synthesiser, trommer, piano, fiolin, munnspel, marimba
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarTake That
PlateselskapChrysalis, Virgin, EMI (1990-2011)
Universal, RCA (USA) (2011 – present)
Verka somSongar, låtskrivar, musikar, plateprodusent, skodespelar
Gift medAyda Field
PrisarAmadeus Austrian Music Award, Premios Oye!

Robbie Williams (fødd Robert Peter Williams13. februar 1974 i Stoke-on-Trent i England) er ein engelsk songar og komponist som fekk gjennombrotet sitt i boybandet Take That som han var medlem til midten av 1990-talet. I 1996 gav han ut den fyrste solosingelen sin, George Michael-hiten frå 1990, «Freedom».

Life Thru A Lens[endre | endre wikiteksten]

Året etter kom den fyrste av hans eigne komposisjonar, «Old Before I Die», ut. Begge singlane nådde andreplassen på UK Singles Chart. To singlar til vart utgjevne, og deretter kom debutalbumet Life Thru A Lens. Berre Robbie Williams sine eigne komposisjonar var med på plata, som utelukka Freedom. Dei fleste songane på debutalbumet var skrivne i samarbeid med Guy Chambers, som «Angels», som vart den fjerde singelen frå albumet. Songen vart i 2005 kåra av BBC Radio 2 sine lyttarar, som den beste songen utgjeven dei siste 25 åra i britisk musikk (1980-2005).

I’ve Been Expecting You[endre | endre wikiteksten]

I 1998 kom det ein ny singel; «Millenium», som opptakt til det andre albumet til Williams. I’ve Been Expecting You er endå, i 2006, det bestseljande albumet hans i heimlandet og inneheld i tillegg til «Millenium», hitane «She’s The One», «No Regrets» og «Strong».

Sing When You’re Winning[endre | endre wikiteksten]

Robbie Williams er vorte eit av dei størte namna innanfor popmusikk i dei fleste land.[treng kjelde] Musikken hans har likevel aldri hatt stor popularitet i USA. Nokre meiner det skuldast den kontroversielle musikkvideoen til den fyrste singelen frå Sing When You’re Winning', «Rock DJ».[treng kjelde] I videoen dansar og strippar Robbie Willams, medan han er omgjeven av halvnakne kvinner. Etter han har teke av kleda, byrjar han å han å flå huda av seg sjølv og deretter rive organa sine ut (dette er sjølvsagt dataanimeret). I videoen endar han som eit skjelett, medan han framleis dansar til musikken. Uansett kva ein meinte/meiner om songen, vart han ein stor hit. Det same vart neste singel, «Kids», som var ein duett med den australske songarinna Kylie Minogue. Idéen med songen var at han skulle vere i Grease-stil, og Robbie hadde utpeikt seg sjølv som John Travolta og Kylie Minogue som Olivia Newton-John. Albumet fekk fleire hit-singlar og eit par av songane vart òg innspelte på andre språk. Mellom anna kom «Better Man» ut på spansk og «Supreme» på fransk.

Swing When You’re Winning[endre | endre wikiteksten]

Swing When You’re Winning var det fjerde og minst suksessfulle albumet hans. Albumet inneheld cover-versjonar av gamle jazz-, blues- og popsongar. Den største suksess-singelen var ein ny versjon av Nancy- og Frank Sinatra-songen «Somethin’ Stupid», sungen i duett med Nicole Kidman. Ein annan song som markerer seg på plata er ei nytolking av evergreenen «Mr. Bojangles» (tidlegare innspelt av mellom andre Bob Dylan og John Denver).

Escapology[endre | endre wikiteksten]

«Feel», heitte den fyrste singelen frå det femte albumet Escapology. «Feel» vart ein av dei største hitane i karrieren hans, men fleire kritikarar hadde byrja å indikere at suksessen til Robbie Williams i stor grad skuldast medkomponisten hans, Guy Chambers. Som reaksjon braut Robbie makkarskapen og neste singel vart «Come Undone», som ikkje hadde Chambers som medkomponist. Igjen hadde videoen eit eksperimentelt og provoserande uttrykk. Ein ser m.a. slangar og edderkoppar som kravlar ut og inn av kvinnelege munnar og vaginaer. Den usensurerte utgåva av videoen er svært vanskeleg å få tak i, sidan det nesten ikkje er nokon fjernsynskanalar som har villa/kunne sende den.

Escapology-suksessen heldt fram med singlane «Sexed Up» og «Something Beautiful».

Greatest Hits[endre | endre wikiteksten]

I 2004 kom den fyrste offisielle samleplata hans, Greatest Hits, ut. Før utgjevinga av albumet kom singelen «Radio». Den nye medkomponisten heitte Stephan Duffy. «Radio» vart kritikarrost, men vart blant folkesetnaden ikkje så populær som mange av dei tidlegare hittane hans.[treng kjelde] Det tydde likevel ikkje noko for hitliste-plasseringane. «Radio» vart nr. 1 på UK Singles Chart.

Intensive Care[endre | endre wikiteksten]

Intensive Care var det fyrste albumet etter brotet med Guy Chambers. Den fyrste singelen «Trippin'» var det delte meiningar om. Nokre meinte det var noko av det aller beste Robbie Williams hadde laga gjennom tida, andre meinte han var dårleg.[treng kjelde] Den neste singelen «Advertising Space» vart stort sett godt motteken.[treng kjelde] Songen handlar om livet til Elvis Presley og Robbie spelar sjølv Elvis i musikkvideoen.

Det vert estimert at Robbie Williams på verdsplan i dag har selt om lag 45 000 000 album.[treng kjelde]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Robbie Williams har gitt ut 26 singlar:

  • «Freedom» (1996)
  • «Old Before I Die» (1997)
  • «Lazy Days» (1997)
  • «South of the Border» (1997)
  • «Angels» (1997)
  • «Let Me Entertain You» (1998)
  • «Millennium» (1998)
  • «No Regrets/Antmusic» (1998)
  • «Strong» (1999)
  • «She's The One/It's Only Us» (1999)
  • «Rock DJ» (2000)
  • «Kids» (med Kylie Minogue, 2000)
  • «Supreme» (2000)
  • «Let love Be Your Energy» (2001)
  • «Eternity/Road to Mandalay» (2001)
  • «Somethin’ Stupid» (med Nicole Kidman) (2001)
  • «Mr. Bojangles / I Will Talk And Hollywood Will Listen» (2001)
  • «My Culture» (2002)
  • «Feel» (2002)
  • «Come Undone» (2003)
  • «Something Beautiful» (2003)
  • «Sexed Up» (2003)
  • «Radio» (2004)
  • «Misunderstood» (2004)
  • «Tripping» (2005)
  • «Advertising Space» (2006)
  • «Sin Sin Sin» (2006)
  • «Rudebox» (2006)
  • «Lovelight» (2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]