Hansle Parchment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hansle Parchment


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 17. juni 1990 (33 år)
Saint Thomas Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2010, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 110 meter hekk herrer, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 110 meter hekk menn

Hansle Parchment (fødd 17. juni 1990) er ein jamaicansk friidrettsutøvar som tevlar i 110 meter hekk. Han vart i 2021 olympisk meister i øvinga. Parchmement har elles vunne VM-sølv i 2015 og 2023, samt OL-bronse i 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I OL-finalen 2012 sette Parchment landsrekord på 110 m hekk med 13,12 sekund, noko som gav han bronsemedaljen bak Aries Merritt og Jason Richardson. Sommaren 2013 forbetra han rekorden til 13,05 i Eugene, før han 5. juli 2014 i Paris gjorde sitt livs kjappaste korthekkløp på 12,94 sekund. Ved verdsmeisterskapen 2015 i Beijing sprang Parchment årsbeste 13,03 og fekk sølv, slått med fem hundredels sekund av russaren Sergej Sjubenkov.

Etter tre sesongar på eit lågare toppnivå, kom Parchment i 2021 tilbake i verdstoppen. Under sommarleikane i Tokyo i 2021 vann han gullmedaljen med tida 13,04, Grant Holloway frå USA kom på sølvplass. I Friidretts-VM 2022 hadde Parchment nest beste tid i semifinalane, men ein skade gjorde at han ikkje stilte i finalen. Året etter kneip han sølvmedaljen i VM-finalen i Budapest. Ei vekes tid etter VM sigra han i DL-stemnet i Xiamen på tida 12,96, hans neste raskaste løp nokon gong.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]