Harøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harøya
Harøya Foto: Øystein H. Brekke
Harøya
Foto: Øystein H. Brekke
Geografi
Norway - Harøya.png
Stad Romsdal
Koordinatar 62°45′30″N 06°27′53″EKoordinatar: 62°45′30″N 06°27′53″E
Areal 13,6 km²
Høgaste punkt Harøyburet (156 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Steinshamn
Demografi
Folketal 1099 (2001)
Folketettleik 81 /km²

Harøya er den største og mest folkerike øya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal. Steinshamn som er administrasjonssenter i kommunen ligg på Harøya. Her finst det matbutikk, post, bank, pub, kiosk, frisør, brukskunst, tannlege, lege og helsestasjon.

Øya har eit areal på 13,6 km² og om lag 1100 innbyggjarar. Det høgaste punktet på øya er Harøyburet på 156 meter over havet. Aust for øya ligg Harøyfjorden, som er kalla opp etter øya. På sørsida ligg Fjørtoftfjorden og øya Fjørtoft. Harøya har ferjesamband til Fjørtoft og vidare inn til Brattvåg på fastlandet. I nord går det molo ut til Finnøya.