Sandøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Sandøy» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sandøy (fleirtyding).
Sandøy kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Steinshamn
Areal 20 km²
Folketal 1 270 (1. januar 2016)
Folketettleik 64 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Oddvar Myklebust
(Arbeidarpartiet)
Kommunenummer 1546
NO 1546 Sandøy.svg
Wikimedia Commons: Sandøy
Nettstad: www.sandoy.kommune.no

Sandøy kommune er ein kommune som ligg på Romsdalskysten i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Haram i sør, til Midsund i aust og til Aukra i nord. Sandøy kommune vart danna i 1867, då han vart skild ut frå Aukra kommune. Kommunegrensene har vore uendra sidan 1965, då Sandøy fekk overført delane av Harøya som høyrde til Haram kommune.

Sandøy er den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. Næringslivet i kommunen har tradisjonelt vore prega av fiske. I dei seinare åra har reiselivsnæringa vore i vekst. Administrasjonssenteret i kommunen er Steinshamn, som ligg nord på Harøya. Kyrkjene i Sandøy kommune er Sandøy kyrkje på Sandøya og Harøy kyrkje på Harøya.

Lokalavisa er Haramsnytt, som kjem ut to dagar i veka.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sandøy består av mange øyar og er kommunen med minst flatevidd av kommunane i Møre og Romsdal. Flesteparten av øyane i kommunen er flate og myrlendte, og seks av desse øyane er busette. Harøya på 13,6 km² er den største øya i kommunen og utgjer kring 60 % av flatevidda. På denne øya ligg Steinshamn, administrasjonssenteret i Sandøy kommune, og størstedelen av folkesetnaden bur her. Ut mot havet ligg øyane Ona og Husøya, Sandøya og Finnøya ligg nordaust for Harøya, og Orta ligg heilt aust i kommunen. Det høgaste punktet i Sandøy kommune Harøyburet på 156 moh., som ligg på Harøya.

Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Sandøy vart godkjent 1986. Våpenet har på blå grunn tre sølv spissar som møtest på høgre skjoldkant. Motivet illuderer ljos frå fyrtårn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]