Harald Ellefsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Ellefsen
Fødd11. desember 1950 (73 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, advokat, redaktør
Alle verv

Harald Ellefsen (fødd 11. desember 1950) er ein norsk forretningsadvokat og politikar, fødd i Oslo, oppvaksen i Trondheim. Han representerte partiet Høgre og Sør-Trøndelag fylkeStortinget i tida 1982-97.

Ellefsen tok examen artium i 1969 og studerte statsvitskap ved Drew University i 1971/72. I 1976 tok han juridisk embetseksamen på Universitetet i Oslo.

Ellefsen var så politifullmektig ved Trondheim politikammer 1977-78 og dommarfullmektig ved Onsøy sorenskrivarembete 1978-79- Frå 1980 til -88 var han politiadjutant ved Trondheim politikammer.

Frå 1982 til 1997 var Ellefsen stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag. Etter eit lite år som møtande vararepresentant fekk han fast stortingsplass sommaren 1983, då den valde Høgre-representanten Hermund Eian døydde. Sidan 1985 hadde Ellefsen sete på Tinget i tre heile val periodar. På Tinget var han 1982-85 medlem i Forbrukar- og administrasjonskomitéen, 1985-89 nestleiar i Justiskomitéen og 1989-97 medlem i Finanskomitéen.

Sidan 1997 har Ellefsen vore advokat i Trondheim, frå 2000 som partner i Steenstrup Stordrange DA. Ellefsen har arbeidd med strategisk rådgjeving, prosjekt- og forretningsutvikling, og påverknad av styresmakter og offentleg forvaltning.

Ellefsen har vore styreleiar i Sofell AS, Malvik Regionale Utvikling AS og Base Midt-Norge AS. Styremedlem var han 1993-2001 i Adresseavisen, 1998-2010 i Folketrygdfondet og frå 2005 i Statskog SF.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]