Harald Heide-Steen jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Harald Heide-Steen jr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Heide-Steen jr.
Lysthuset-Revyteater-AAB-102422 (Harald Heide-Steen jr.).jpg
Fødd18. august 1939
FødestadOslo
Død3. juli 2008
DødsstadOslo
Verka somkomikar, songar, filmskodespelar
FarHarald Heide Steen
BornFrikk Heide-Steen
PrisarKongens fortenestmedalje, Spellemannprisen for årets verbalplate, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Oslo bys kulturpris

Harald Heide-Steen jr. (18. august 19393. juli 2008) var ein norsk skodespelar, komikar og songar som blant anna var kjent frå rolla som «Dynamitt-Harry» i Olsenbanden-filmane. Han var også kjent som improviserande komikar, gjerne i tospann med Rolv Wesenlund under namnet Wesensteen på slutten av sekstitalet. Heide-Steen jr. var erfaren innan revy- og teatermiljøet, og i tillegg har han hatt fleire soloopptredenar der han var kjent for sine mange figurer, bl.a. «Rikstyristsjef Ottmar Johansen», «Sylfest Strutle», «Russisk ubåtkaptein» og «Flykaptein» for flyselskapet Spantax. Heide-Steen var ein av dei mest populære og folkekjære skodespelarane og komikarane i Noreg.

Harald Heide Steen jr. var fast tilsett ved Det Norske Teatret frå 1992. Den siste rolla han hadde der, var som Dovregubben i Ibsens Peer Gynt.

Frå Lysthuset revyteater, 1965. Frå venstre: Rolv Wesenlund, Harald Heide-Steen jr., Trulte Heide Steen, Svein Byhring og Elsa Lystad. Bak: Bengt Calmeyer.

I 2008 gav han ut han jazzplata Musikalske minnerBig Box Records. I 1978 vann han også Spellemannprisen i verbal klasse for Harald Heide-Steen jr. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2005.

Harald Heide-Steen jr. var son av Harald Heide Steen. Han var far til songaren Frikk Heide-Steen.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]