Lucky Luke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lucky Luke

Forfattar(ar)René Goscinny, Morris
Språkfransk
Blei til1946

Lucky Luke er ein belgisk komisk eventyrteikneserie som føregår i Det ville vesten. Det er også namnet på hovudpersonen i serien.

Serien blei skapt i 1946 av den belgiske serieskaparen Morris, og blei skriven frå 1955 til 1977 av franskmannen René Goscinny.

Med eit omfang på eit 80-tals seriealbum er Lucky Luke ein av dei største seriane frå den fransk-belgiske serieverda, og jämte Tintin og Asterix, ein av dei mest vellykka.[1] I sentrum står den einsame cowboyen Lucky Luke, «mannen som trekk raskare enn sin eigen skugge», og den tru hesten hans Jolly Jumper. I figurgalleriet finn ein òg dei kriminelle erkefiendane Dalton-brørne og den særeigne fengselshunden Ratata.

Figurar og miljø[endre | endre wikiteksten]

Persongalleriet i Lucky Luke-serien er minimalt. I tillegg til Luke sjølv, Jolly Jumper, Dalton-brørne og Ratata er det få gjentakande figurar. I staden opptrer mange historiske personar i serien.

Lucky Luke[endre | endre wikiteksten]

Tittelfiguren i serien er ein einsam cowboy som reiser rundt i Det ville vesten i dei sist tiåra av 1800-talet. Den fremste eigenskapen hans er at han er enormt rask til å trekka og treffa mål med ein revolver – han er vidkjend som «mannen som trekkjer raskare enn sin eigen skugge». Han blir gjerne engasjert for å fanga rømte fangar, eskortera prominente personar eller gjennomføra risikable oppdrag. Kallenamnet hans tyder ‘heldig’, og han har ofte flaks i vanskelege tilhøve.

Jolly Jumper[endre | endre wikiteksten]

Jolly Jumper er hesten til Luke, og i lag med Luke er han den einaste figuren som er med i alle albuma. I dei fyrste albuma var han hovudsakleg transportdyr for Luke, men etterkvart utvikla Jolly Jumper seg til ein snusfornuftig ven som var rask til å koma med spisse kommentarar til eventyra han - mange gongar motvillig - blei trekt inn i. Blant dei meir påfallande eigenskapane hans kan ein òg merka seg evna hans til å alltid vera klar når Luke treng komma i salen. Vidare er han eineståande intelligent - mellom anna er han har blitt vist med evna til å spela sjakk, laga mat og sala seg sjølv.

Dalton-brørne[endre | endre wikiteksten]

Brørne Joe, William, Jack og Averell Dalton debuterte i Lucky Luke contre Joss Jamon (1956–1957). Dei er erkefiendane til Lucky Luke sidan fetrane deira (Dalton-brørne i røyndommen) døydde i skotveksling mot Luke. Til skilnad frå slektningane sine er desse fire brørne verken særleg listige eller vellykka. I staden er dei svært sta, og dei blir alltid drivne framover av leiaren, og storebroren, Joe (den kortaste av brørne), og hatet hans mot Luke. I kontrast til Joe si drivkraft og vonde vilje står den yngste (og lengste) broren Averell, som med den svake intelligensen sine, den tilsynelatande bontnlause svolten og i grunnen godmodige livshaldning, ofte er den som fører til at planane til Joe mislukkast.

Ratata[endre | endre wikiteksten]

Ratata (fr. Rantanplan, jfr. Rin Tin Tin, debut i Sur la piste des Dalton, 1960) har røykte på seg å vera ein av dei beste fengselshundane i vesten - eit rykte som viser seg å vera kraftig overdrive. Einfaldet hans overstråler til og med det til Averell Dalton, som ikkje minst går den kritiske Jolly Jumper på nervane. Dessutan har Ratata eit ukarakteristisk dårleg evne til å følgja lukt og spor.

I 1987 blei han hovudperson i sin eigen albumserie.

I albumet Canyon Apache opptrer Geronimo og krigarane hans.
Jesse James, ein av dei historiske personane som dukkar opp i serien.
Billy the Kid dukkar opp i fleire av albuma.

Historiske personar[endre | endre wikiteksten]

I Hors la loi (1951) av Morris møtte Lucky Luke for fyrste gong verkelege, historiske, personar i Daltonn-brørne. Då Rene Goscinny nokre år seinare tok over som forfattar, kom serien i stor grad til å byggja på historiske hendingar, oppfinningar og personar. Blant dei verkelege personane i serien er mellom andre:

I tillegg har både Morris og etterfølgjaren hans Achdé late kjende personar, ikkje minst frå filmverda, låna ansiktstrekka sine til figurar i serien - mellom anna har Alfred Hitchcock dukka opp som bartender, Charlie Chaplin som gullgravar, Orson Welles som russisk storfyrste, Groucho Marx som jeger, John Wayne som diligencevakt, Lee Van Cleef som prisjeger, Céline Dion som songar i ein saloon og George W. Bush som oljemillionær. Morris lét òg kollegaene sine dukka opp i biroller; serieskaparane René Goscinny, André Franquin, Will, Victor Hubinon og Eddy Paape opptrer alle i forbifarten. Det same gjer Lucky Luke-forleggjaren Paul Dupuis.

I den belgiske moroparken Walibi finst det ein oppbygd Lucky Luke- by.

Andre medium[endre | endre wikiteksten]

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

På 1970-talet regisserte Goscinny to franskproduderte animerrte langfilmar med Lucky Luke: Lucky Luke (1971) og La Ballade des Dalton (1978). Begge filmane blei skrivne av Goscinny, Morris og Pierre Tchernia, og begge kom sidan òg ut som seriealbum.

I 1984 hadde Hanna Barbera sin fransk-amerikanske animertte tv-serie Lucky Luke premiere. Dei kom til å laga 26 episodar, alle filmatisering av teikneserien. I 1990 hadde ein andre sesong av serien premiere, òg denne med 26 avsnitt, denne gongen produsert av IDDH. Til saman femne desse 52 episodar om dei fleste av Lucky Luke-albuma til Morris frå 1951 til 1988

I 1991 blei Lucky Luke for fyrste gong spelt i ein spelefilm. Tittelrolla blei spelt av spagettiwestern-stjerna Terence Hill, som òg stod for regien. Året etter blei filmen følgd av ein tv-serie med åtte timelange avsnitt.

Den andre animerte tv-serien med Lucky Luke, Les Nouvelles Aventures de Lucky Luke, var produsert av den franske animasjonsstudioet Xilam og hadde premiere på fransk tv hausten 2001. Til skilnad frå den tidlegare serien bygde serien til Xilam ikkje på albuma, men omfattar berre nyskrive materiale. Totalt kom det ut 52 avsnitt av serien, og han blei følgt opp av ein langfilmi 2007, Tous à l'Ouest: Une aventure de Lucky Luke. Xilam har òg produsert ein serie med 75 episodar om Ratata, og dessutan ein tv-serie med 26 episodar om Dalton-brørne.

I 2004 spelte Til Schweiger Lucky Luke i den fransk-spansk-tyske spelefilmen The Daltonn, regissert av Philippe Haïm og produsert av Yves Marmion. Fem år seinare, i 2009, kom filmen Lucky Luke ut. Også denne var produsert av Marmion, men i regi av James Huth og med Jean Dujardin i tittelrollen.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1948 lét Morris Lucky Luke koma ridande medan han song «I'm a Poor Lonesome Cowboy». I Goscinny si tid kom denne tekstrekkje til å enda kvart album, med ulike variantar av same scene: Lucky Luke ridande på Jolly Jumper mot solnedgangen i eit aude landskap. I samband med at serien blei filmatisert for fyrste gong i 1971 blei denne linja utvikla til ein heil song, med tekst av Pat Woods og musikk av Claude Bolling. Songen har sidan blittbrukt i fleire filmatiseringar og lydforteljingar.

Kjenningsmelodien til Hanna-Barberas og IDDH sin tv-serie, «Bang, Bang, Lucky Luke», har kome til å bli sterkt assosiert med figuren, men er ikkje blitt brukt i andre filmatiseringar. Opphavsmennene til denne song er Claude Bolling, Shuki Levy og Haim Saban (alle tre står som komponistar og tekstforfattarar).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bilan 2006». Arkivert frå originalen 5. mars 2007. Henta 2. mars 2012. 
  2. stim.se : Den interna databasens registerpost: LUCKY LUKE MAIN THEME "BANG BANG LUCKY LUKE"

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lucky Luke