Harald Langhelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Langhelle

Harald Langhelle (25. desember 18906. oktober 1942) var ein norsk pressemann og politikar frå Dale i Bruvik i Hordaland. Han var stortingsmann 1922-24 for kjøpstadene i Nord-Noreg, vald for Arbeidarpartiet. Langhelle vart avretta under den tyske okkupasjonen av Noreg.

Langhelle var son til ein spinnerimeister. I dei tidlege ungdomsåra var han sjømann og han arbeidde på ulike industrianlegg i landet. Frå 1914 arbeidde han i bygningsindustrien i Oslo. 26 år gammal byrja han få oppdrag i arbeidarrørsla, fyrst som sekretær 1917-19 i Sosialistisk ungdomsforbund i Nord-Noreg, deretter var han 1919-24 redaktør i Nordlands Social-Demokrat, ei avis som kom ut i Bodø. Frå 1924 hadde han stillinga som redaksjonssekretær i Arbeider-Avisen i Trondheim, til dess han hausten 1939 tok over som redaktør i same avisa. I januar 1941 stansa NS-styresmaktene avisa.

Tingbolken 1922-24 var Langhelle stortingsrepresentant for Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Arbeiderparti-representanten var då medlem i Militærkomiteen. Frå 1934 hadde han sete i Trondheim formannskap.

Under okkupasjonen sat Langhelle fengsla to gongar. Siste gongen vart han fengsla den 12. september 1942. Under unntakstilstanden i Trøndelag vart Langhelle og ni andre fangar den 6. oktober 1942 skotne som gislar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]