Hardangerjakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakter under segl.
Foto: Axel Theodor Lindahl (1841-1906)

Ei hardangerjakt er ei éi-mastra kravellbygd seglskute med akterspegel, gaffelrigg og bomsegl. Til skilnad frå tidlegare jakter hadde hardangerjakta rett skrånande framstamn og eit karakteristisk spring. Ei jakt kunne bli bruka i utanriksfart, men hovudbruken — i det minste nordom Bergen — var kystfart, inkludert frakt av saltfisk, sand o.a.

«Gjøa», som Roald Amundsen bruka gjennom Nordvestpassasjen var ei hardangerjakt.