Hassiba Boulmerka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hassiba Boulmerka
Statsborgarskap Algerie
Fødd 10. juli 1968 (55 år)
Constantine
Yrke friidrettsutøvar, mellomdistanseløpar, løpar
Språk arabisk
Høgd 158 centimeter

Hassiba Boulmerka (fødd 10. juli 1968) er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar frå Constantine, som i 1992 vann 1500 meter under Sommar-OL og vart den fyrste olympiske meisteren frå Algerie. Ho vann VM-gull på same distansen både i 1991 og 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Boulmerka deltok i OL 1988 i Seoul som 20-åring, og vart slått ut i forsøka både på 800 m og 1500 meter. Dei neste åra hadde ho stendig framgang, og i 1991 fekk ho sitt definitive internasjonale gjennombrot. Under verdsmeisterskapen i Tokyo vann ho då 1500 meter, og vart dermed den fyrste afrikanske kvinna som vart verdsmeister i friidrett.

Suksessen heldt fram då Boulmerka vann gullmedaljen på 1500 meter under sommarleikane i Barcelona i 1992, vinnartida 3.55,3 var afrikansk rekord i over 20 år. Det var fyrste gongen ein olympiske gullmedalje gjekk til ein utøvar frå Algerie. Sesongen etter sikra ho seg bronsemedaljen under friidretts-VM 1993 i Stuttgart.

I tida føre friidretts-VM i Göteborg sommaren 1995 hadde ho ikkje vunne ei einaste tevling. Men i finalen viste ho sine framifrå spurteigenskapar og tok gullet på 1500 meter med rimeleg god klaring til dei andre medaljevinnarane.

Etter eit par svake sesongar la ho opp i 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]