Kelly Holmes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kelly Holmes


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 19. april 1970 (53 år)
Pembury
Idrett friidrett, mellomdistanseløp
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 1994, Samveldeleikane 1998

Utmerkingar

kommandør av Order of the British Empire, BBC Sports Personality of the Year Award, medlem av Den britiske imperieordenen

Kelly Holmes (fødd 19. april 1970) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt på mellomdistansane. I 2004 vart ho den tredje kvinna som vann gullmedalje både på 800 og 1500 meter i eit OL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Holmes braut gjennom internasjonalt i europameisterskapen 1994 i Helsingfors, då ho i eit lureløp på 1500 meter sikra seg sølvmedaljen. Same sesongen vann ho den same distansen i samveldeleikane i Victoria. Året etter tok ho VM-sølv i Göteborg, einast regjerande verdsmeister og olympiske meister Hassiba Boulmerka frå Algerie, let seg ikkje slå. Kort etter verdsmeisterskapen gjorde Holmes sitt livs snøggaste 800 meter, i Monaco vart ho klokka i mål på 1.56,21.

Under Sommar-OL 2000 i Sydney tok Holmes si fyrste olmpisk medalje, ein bronse på 800 meter. Bronsemedalje på 800 m fekk ho også i friidretts-EM 2002 i München. I 2003 steig ho ein plass opp på sigerspallen på 800 meter og fekk sølv i Paris-VM, som i Sydney-OL vart Maria Mutola frå Mosambik vinnar av VM-tevlinga.

Høgdepunktet for Holmes kom då ho var 34 år gammal. Under sommarleikane 2004 i Aten vann ho 800 meter med fem hundredeles margin til marokkanske Hasna Benhassi. Fem dagar seinare sigra på 1500 meter med tida 3.57,9, britisk rekord og vel to tidels sekund framom sølvvinnar Tatjana Tomasjova frå Russland.

Kelly Holmes la opp som aktiv utøvar i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]